menylukk

Generelt:

Gjeld kjøp av gruppebilde på www.reiakvam.no. Alle prisane våre er i norske kroner og er inkludert mva.

Leveringstid er frå 14 verkedagar etter konfirmasjonsdagen.

Angrerett:

Bilda er produserte enkeltvis på bestilling. Difor er det eigne reglar for handteringa av angreretten. Meld ifrå så snart som mulig dersom du skulle ønske å heve kjøpet. Er bilda allereie produserte, vil vi kunne trekke ifrå utgifter til arbeid og materialkostnadar fram til du melder ifrå. Ved retur via post må bildene vere forsvarleg emballert, og retunerast uskadd til oss jf angrerett lovens § 12, punkt a. Kjøpar betalar då frakt.

Skadar under frakt:

Bilda må pakkast ut og inspiserast for skadar ved mottak. Dokumenter skaden og emballasjen ogta kontakt med oss om noko skulle vere mangelfullt.

Reklamasjon:

Ved feil eller manglar ber vi deg ta kontakt innan rimeleg tid.

 

Gruppebilde av konfirmantane 2023

eit minne frå den store dagen

Tradisjonen tru vil Fotograf Reiakvam fotografere alle konfirmasjonsgruppene i Førde, Naustdal og Gaular i år.

Nytt av året er at de bestiller og betalar for gruppebilde dykkar på denne sida, og hentar dei hos Reiakvam Foto / EliteFoto Førde i Hafstadvegen 15.

Portrettbilde av konfirmanten

bilde både dei vaksne og konfirmanten er fornøgde med

Etter at den store dagen er vel overstått passar det fint å få tatt portrettbilde av konfirmanten. Vi tek bilde i studio og gjerne utandørs. Konfirmasjon er også eit godt høve til å få tatt bilde av familien eller søskenflokken. Spelar konfirmanten volleyball, eller kanskje gitar? Ta gjerne med kvardagsklede og effektar som fortel noko om konfirmanten!

Timebestilling:

Fotografering på konfirmasjonsdagen

få tatt bilda når de likevel er i finstasen!

Sidan konfirmanten og familien uansett er i finstasen på konfirmasjonsdagen, kan det vere eit godt tidspunkt å få tatt portrett og eventuelt også gruppebilde av alle gjestane. Desse timane vert ofte bestilte lang tid i førevegen, men vi har framleis ledig på fleire av konfirmasjonsdagane.

Sjekk om vi har ledig på datoen dykkar:

Fotografen vår Dagrun Reiakvam

3 generasjonar fotografar i Førde sidan 1946

Eg har jobba som fotograf hos Reiakvam Foto sidan 2008, og har etter kvart lang erfaring med fotografering av store og små. Bildestilen min er klassisk moderne, og eg ønskjer at bilda skal vere tidlause slik at dei kan glede i mange år framover. Noko av det beste med jobben min er å bli litt kjent med menneska eg har framfor kameraet, om det er små barn eller ungdom på veg ut i vaksenlivet.

 

Fotografiske tenester

Kontakt oss

Så kjekt at du kom innom sida vår!
Har du spørsmål til oss eller ønskjer å bestille time kan du gjerne sende oss ein e-post på foto@reiakvam.no, så svarar vi så fort vi kan.

Du kan også ta kontakt på 57 82 19 77, så set vi opp ein time med det same!

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00

For endra opningstider ved høgtider:
sjå Google eller Facebook-sida vår.

Siste nytt frå Instagram

@fotografreiakvam

Reiakvam Foto as

https://www.reiakvam.no/ - MVA 936968201

- Din fotograf i Førde sidan 1946

Reiakvam Foto as

Hafstadvegen 15, 6800 Førde - MVA 936 968 201

Din Fotograf i Førde sidan 1946

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00