menylukk

 

Brudepar

 

Det er den eine dagen i livet, då ein skal seie ja til den ein elskar. Kanskje er det mange som skal feire med dykk, eller kanskje er det berre nokre få? Dagrun fotograferer både store og små bryllaup, sommar og vinter, og synast dei er magiske - på kvart sitt vis!

Når ein planlegg eit bryllaup er det mykje som skal klaffe og det kan vere vanskeleg å få tid til alt ein skal få gjort i løpet av den store dagen. Det er difor tilrådeleg at de er ute i god tid slik at de kan slå dykk til ro med at fotograferinga er i boks. Etter 15 år som fotgraf, har eg lang erfaring med fotografering av brudepar. Eg får ofte spørsmål om eg tek på meg bryllaupsoppdrag andre stader i Sunnfjord, og det gjer eg så absolutt! Ta kontakt, så ser eg om eg har ledig på den store dagen dykkar.

Om lag ein månad før sjølve fotograferingsdagen møtast vi til ein planleggingstime. Denne kan også gjennomførast på nett/telefon. På denne timen går vi igjennom kva vi har avtala for fotograferinga og snakkar oss igjennom detaljane for den store dagen dykkar. Om de har spørsmål eller bestemte ønskjer for fotograferinga, passar det fint å ta dette på denne timen. Det blir også god tid for dykk å sjå på dei ulike albuma, takkekorta og anna vi kan tilby, og de kan sjå døme på produkt vi har laga for andre brudepar tidlegare.

Etter at fotograferinga er gjennomført avtalar vi ein bestillingstime her hos oss. Ei tid før timen mottek de ein link til eit passordbeskytta bildegalleri der de får sjå eit stort utval bilde frå bryllaupsdagen dykkar. Vi set av 2 timar til visning for brudepara våre, sidan det er mykje som skal bestemmast på desse timane: takkekort, forstørringar, album, bilde til avisa m.m. Bildeprisane finn de nederst i prislista vår.

Nyheit 2023:

Etter nokre travle år med små barn, er det endeleg mulig for meg å også tilby halvdags- og heildagsfotografering! Dette har det vore stor etterspørsel etter, og eg har gledd meg til å kunne følgje brudepara mine over fleire timar på dagen deira. Eg vil framleis måtte avgrense kor mange brudepar eg tek på meg i løpet av året, så ta gjerne kontakt tidleg om de ønskjer å bestille meg. Eg tilbyr sjølvsagt framleis også ordinær portrettfotografering for brudepar, for dei som ønskjer dette. Fleire detaljar om pakkane våre finn de lenger nede på denne sida.

For alle brudepar i mai-august tek vi førehandsbetalt for avtala. Beløpet vert ikkje refundert ved avbestilling seinare enn 3 mnd før timen.

Alle tre pakkane inkluderer ein planleggingstime i forkant av bryllaupsdagen. Denne kan gjennomførast her hos oss eller over nett/telefon.


Pakke 1 - À la carte frå 4.000,-

De betalar for fotograferinga og kjøper bildeprodukta de ønskjer av oss kvar for seg. Inkluderer planleggingstime, nettvisning og bestillingstime på inntil 2 timar. På bestillingstimen får de 15% rabatt på bildeprodukt og rammer.

Brudepar portrett høgsesong mai-august 5.000,-

Brudepar portrett kvardagar + lågsesong januar til april + september 4.000,-
Eventuelle tillegg:
Gruppebilde av brudepar og gjestar 600,-
Fotografering under vigsla 1.800,-
Køyregodtgjersle/reiseutgifter.

Pakke 2: Halvdagsfotografering 20.000,-

Fotografering inntil 5 timar / min. 200 høgoppløyselege bildefiler.*

 

Pakke 3: Heildagsfotografering 30.000,-

Fotografering inntil 10 timar / min. 400 høgoppløyselege bildefiler.*

* Ved pakke 2 eller 3 får de 25% rabatt på høgkvalitets bildeprodukt hos meg (ordinært 15%), mellom anna bildeplater, bilde på luster eller bomullspapir, album m.m. Køyregodtgjersle/reiseutgifter kjem i tillegg + evt. kost/losji. Ekstra timar: 2.000,-/stk.

 

Bryllaupsalbum

 

I den digitale tida, er vi vande med å sjå bilde mest på skjerm. Det er difor noko heilt spesielt å få sjå dei slik dei gjer seg aller best: som fysiske bilde. Vi meiner sjølvsagt at alle burde lage album av alle bilda sine, men vi ser at for mange vert det med tanken. Difor oppmodar vi alle som har vore til oss om å få laga album av bilda som ikkje kjem på veggen, for det er alltid fleire bilde som er verdt å ta med seg vidare i livet. For brudepar meiner vi det nesten er sjølvsagt at ein også vil ha bilda frå den store dagen i album. Vi får mange fine tilbakemeldingar frå kundar som seier at dei set stor pris på å bla i albumet og mimre tilbake til bryllaupsdagen. Nedanfor kan de sjå korleis sidene i eit av dei mest populære bryllaupsalbuma våre ser ut. Kvart album vert utforma med spesialdesigna sider tilpassa bildene brudeparet vel ut, slik at alle får sitt unike bryllaupsalbum frå deira unike dag. Eit album er eit minne som vil glede også framtidige generasjonar.

 

Kontakt oss

Så kjekt at du kom innom sida vår!
Har du spørsmål til oss eller ønskjer å bestille time kan du gjerne sende oss ein e-post på foto@reiakvam.no, så svarar vi så fort vi kan.

Du kan også ta kontakt på 57 82 19 77, så set vi opp ein time med det same!

 

Fotografiske tenester

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00

For endra opningstider ved høgtider:
sjå Google eller Facebook-sida vår.

Siste nytt frå Instagram

@fotografreiakvam

Reiakvam Foto as

https://www.reiakvam.no/ - MVA 936968201

- Din fotograf i Førde sidan 1946

Reiakvam Foto as

MVA 936 968 201

Din Fotograf i Førde sidan 1946

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00