menylukk

Innrammingar

Vi har lang erfaring med innramming av kunst og andre verdifulle minne, og har ramma inn alt frå arbeid av mange av dei store kunstnarane våre, til bestemor sine gamle korsstingsbroderi og den finaste barneteikninga. Kva med å ramme inn eit spesielt minne som ein bitteliten babykjole eller ei fotballdrakt?

Ei ramme eller ein passepartout laga etter mål kan ofte også vere løysinga for bilde med ukurrante mål. Vi har meter på meter med rammelist, og har faste leveringar frå store rammeleverandørar om de skulle ønskje noko utanom det vi har på lager. I tillegg til å skjære passepartout etter mål, kan vi også skjære til glas om du har vore uheldig og har fått knust eit. For dei aller finaste kunstverka, anbefalar vi kunstglas som er bortimot refleksfritt og har UV-beskyttelse.

Kom innom, så hjelper vi deg til å finne ei god løysing for bilde ditt!

Ny innramming gjev nytt liv!

Korleis eit bilde er ramma inn har mykje å seie. Eldre bilde kan få eit nytt liv ved å byte passepartout og setje på ei anna rammelist. Vi kjem gjerne med råd og innspel slik at bilde eller kunstverket ditt kan få leve vidare i ny og meir moderne form på veggen din.

Eldre bilde er heller ikkje alltid ramma inn med produkt som er syrefrie eller som held den standarden vi ønskjer i dag. Vi brukar berre syrefrie produkt når vi rammar inn, slik at kvaliteten på kunsten eller fotografiet ikkje vert forringa.

Repro/bildebehandling

Vi har lang erfaring og høg kompetanse med restaurering av gamle eller øydelagde bilde. Tidlegare gjekk dette arbeidet føre seg for hand, men i dag vert all retusjering og restaurering gjort digitalt. Dette gjer at vi har fått fleire moglegheiter og at sluttresultatet i dag vert endå betre.

 

Det er ikkje berre gamle bilde som kan trenge retusjering. Vi retusjerer også vekk til dømes skjemmande element som datoar i eit hjørne eller ei malplassert flaggstong. I tillegg kan fjerning av raude auge, lysning av skuggar i ansikt og liknande gje bilde ditt eit kvalitetsløft. Vi kan hjelpe deg med det meste, berre spør!

 

Det kan vere vanskeleg å fastsetje kor lang tid vi vil bruke på bildebehandlinga, sidan vi av og til støyter på uventa utfordringar i arbeidet. Om du tek bilde ditt med deg til oss kan vi likevel gje deg eit prisoverslag. Når jobben med bildebehandling først er gjort, vert bilde lagra her hos oss slik at du skal kunne komme tilbake og bestille fleire kopiar om du måtte ønskje det.

Kontakt oss

Så kjekt at du kom innom sida vår!
Har du spørsmål til oss eller ønskjer å bestille time kan du gjerne sende oss ein e-post på foto@reiakvam.no, så svarar vi så fort vi kan.

Du kan også ta kontakt på 57 82 19 77, så set vi opp ein time med det same!

 

Fotografiske tenester

Reiakvam Foto as

MVA 936 968 201

Din Fotograf i Førde sidan 1946

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00

For endra opningstider ved høgtider:
sjå Google eller Facebook-sida vår.

Siste nytt frå Instagram

@fotografreiakvam

Reiakvam Foto as

https://www.reiakvam.no/ - MVA 936968201

- Din fotograf i Førde sidan 1946