menylukk

 

Bestillingsprosessen

Å følgje opp kunden frå fotografering til utlevering av eit kvalitetsprodukt som skal vare i generasjonar, ser vi på som ein naturleg del av det å vere fotograf. Ja, faktisk ser vi på det som vårt samfunnsoppdrag! Vi er så brennande engasjerte i og stolte av yrket vårt, at vi bryr oss om kvart enkelt negativ i arkivet og kvar enkelt fil! Vi skal ta vare på minna for eit heilt lokalsamfunn.

Av og til må vi minne oss på at det slett ikkje er daglegdags for dei fleste å gå til fotografen. Difor ønskjer vi å vere opne og tydlege på korleis prosessen frå fotografering til bildebestilling og ferdige bildeprodukt er her hos oss. Verken prisane eller framgongsmåten vår er hemmelege, og vi har trua på at å vere ryddige og tydelege frå starten av er noko vi alle er tente med. Om de ønskjer å bestille time hos oss, er det ein stor fordel om de gjer dykk kjende med informasjonen de finn på denne sida. Vi ønskjer å vere ein leverandør av kvalitetsprodukt som varer i generasjonar, og vil sikre at bilda våre blir produserte med tilfredsstillande kvalitet. Difor sel vi i utgongspunktet ikkje høgoppløyselege filer til sjølvprint. Unntaket er halvdags- og heildagsbryllaup som er reportasjebilde. Dette kan du lese meir om nederst på denne sida.

 

Etter at fotograferinga er vel gjennomført, får de tilsendt dei beste bilda (lågoppløyselege med vassmerke) i eit passordbeskytta album. Desse bilda får de om lag 2 dagar før vi møtast til ein visnings-/ bestillingstime, slik at de skal kunne førebu dykk heime i ro og mak. Kva som foregår på den timen og tips til korleis de bør førebu dykk, kan de lese om i avsnittet under. På bestillingstimen betalar du minimum 50% av det beløpet du bestiller for, og eventuelt resten ved henting. Like etter timen set vi i gong med å produsere og bestille inn det du ønskjer av rammer eller liknande. Når vi har fått klart alt du har bestilt, sender vi deg ein sms om at du kan hente det. Kjem de langvegs frå, kan vi organisere ein bestillingstime over telefon eller nett.

Bestillingstimar

På bestillingstimen, eller visningstimen som vi av og til kallar det, vel de ut kva de vil kjøpe av album, bilde og rammer og så vidare. Vi gjev dykk kyndige råd med tanke på størrelsar, overflatebehandlingar, innrammingar og anna de måtte lure på. Bilda viser vi på ein stor skjerm med bakprojeksjon i tilnærma riktig størrelse. Ein dag eller to før visninga får de tilgong til eit passordbeskytta album der de kan sjå dei beste bilda frå fotograferinga dykkar. Vi anbefalar at de tek dykk tid til å sjå på bilda og merke favorittane dykkar med stjernesymbolet før de kjem til timen. Vi ønskjer at flest mulig skal bestille på visningstimen, slik at vi kan prosessere ordre og produsere bilde jamnare fordelt utover året, og ikkje berre i høgsesongane i mai og desember. For å oppmode kundane til å gjere ei bestilling på visningstimen, gjev vi 15% rabatt på album, bilder, rammer og bildeplater bestilt på visninga. Bilde bestilt utanom ordinær visning blir dermed til fullpris. Det er difor ein fordel å komme godt førebudde til visningstimen, både for oss og for dykk. Ting de gjerne kan tenkjer gjennom før visningstimen er:

  • Kva forstørring ønskjer vi oss? Eit stort veggbilde? Fleire store? Collage? Rekkeramme? Småbilder? Bilde med passepartout og glas, eller strukturbehandla (laminert) som skal rett i ramme? Her er det mykje å velje i, og vi har gode døme som du får sjå på visninga.
  • Kvar skal bilda henge og kva storleik passar hos oss? Ta gjerne mål av staden der de ser føre dykk å henge bilde eller bilda. Om de tek eit bilde av veggen og møblementet dykkar i tillegg, veit vi endå bedre kva som kan passe hos dykk.
  • Kva ramme kan passe inn i heimen vår? Brei, smal, lys, mørk, enkel, ornamentert? Det finns også alternativ utan ramme, enten enkle bildeplater eller bildemodular. Vi gjev gjerne råd utifrå kva som passar til bilde eller bilda de vel ut. På visningsrommet vårt har vi eit variert utval kvalitetsrammer som vi spesialbestiller til dine bilde etter mål.
  • Skal vi ha bilde i farge eller svart-kvitt? Når ein tek vekk fargane i bilda vert dei ofte rolegare, og formene kjem betre fram. Det kan også vere ei løysing om ein ønskjer å bruke fleire bilde i modular, sjølv om det er ulik bakgrunn på dei.
  • Vil vi gje vekk bilde til andre? Ønskjer mottakaren i same størrelse som dei har frå før? Og kva for slags ramme? Jula kjem like plutseleg kvart år, så kvifor ikkje vere tidleg ute?

Og til dei av dykk som har noko å takke for eller som skal sende ut julekort:

  • Kor mange kort treng vi?
  • Ønskjer vi ferdigskriven tekst på korta og kva skal vi isåfall skrive?

Dei bilda de ikkje bestiller veggbilde av passar det fint å ha i eit album. Vi har ulike lekre albumvariantar med passepartout og plass til alt frå 10 til 24 bilde. I tillegg har vi trykte album med eigendesigna sider, med plass til fleire bilde. For brudepara våre har vi større album med god plass til fleire viktige augneblink. I tillegg har vi sjølvsagt bilda liggande trygt oppbevart her hos oss i tilfelle de skulle ville bestille meir på eit seinare tidspunkt!

Filosofien vår

Fotografbilde kan virke som ein stor kostnad der og då, men vi ser på det som ei investering for framtida. Tida får vi ikkje att, men eit bilde er den beste måten å bevare minna på. Bilda vi lagar hos oss skal vere varige, og vi er opptekne av å alltid skulle levere bilde av høgste kvalitet.

Som fotografar er vi handverkarar, og vi ønskjer å kunne vere med på heile prosessen frå fotografering til ferdig bildeprodukt på veggen. Lite når opp mot følelsen av å skrive ut eit stort portrett, ramme det inn og seinare sjå ansiktet til ein nøgd kunde som hentar det i butikken! Å følgje opp kunden frå fotografering til utlevering av eit kvalitetsprodukt som skal vare i generasjonar, ser vi på som noko av det finaste med å vere fotografar. Ja, faktisk ser vi på det som vårt samfunnsoppdrag! Vi er så brennande engasjerte i og stolte av yrket vårt, at vi bryr oss om kvart enkelt negativ i arkivet og kvar enkelt fil. Vi skal ta vare på minna for eit heilt lokalsamfunn.

Digitale filer kan vere flyktige, og det aller tryggaste er å få laga bilda dine på skikkeleg fotopapir, slik det har vore gjort i generasjonar. Bildekvalitet og varigheit er så viktig for oss at vi ikkje tek sjansen på å gje denne oppgåva vidare til ein tilfeldig tredjepart. Vi ønskjer difor ikkje å selje digitale filer frå barne-, konfirmant- og familiefotograferingar. Unntaket er reportasjefotografering som heil- og halvdags bryllaupsfotograferingar og næringslivsfotografering. Om de ønskjer filer til sosiale medier har vi forståing for at de vil vise fram dei fine bilda vi har tatt. Difor leverer vi gjerne frå oss vassmerka småbilder av dei bilda de bestiller produkt av på visning tilpassa den bruken.

Kontakt oss

Så kjekt at du kom innom sida vår!
Har du spørsmål til oss eller ønskjer å bestille time kan du gjerne sende oss ein e-post på foto@reiakvam.no, så svarar vi så fort vi kan.

Du kan også ta kontakt på 57 82 19 77, så set vi opp ein time med det same!

 

Fotografiske tenester

Reiakvam Foto as

MVA 936 968 201

Din Fotograf i Førde sidan 1946

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00

For endra opningstider ved høgtider:
sjå Google eller Facebook-sida vår.

Siste nytt frå Instagram

@fotografreiakvam

Reiakvam Foto as

https://www.reiakvam.no/ - MVA 936968201

- Din fotograf i Førde sidan 1946