menylukk

Andre tenester

Innrammingar

Vi har lang erfaring med innramming av kunst og andre verdifulle minne, og har ramma inn alt frå arbeid av mange av dei store kunstnarane våre, til bestemor sine gamle korsstingsbroderi og den finaste barneteikninga. Kva med å ramme inn eit spesielt minne som ein bitteliten babykjole eller ei fotballdrakt?

Ei ramme eller ein passepartout laga etter mål kan ofte også vere løysinga for bilde med ukurrante mål. Vi har meter på meter med rammelist, og har faste leveringar frå store rammeleverandørar om de skulle ønskje noko utanom det vi har på lager. I tillegg til å skjære passepartout etter mål, kan vi også skjære til glas om du har vore uheldig og har fått knust eit. For dei aller finaste kunstverka, anbefalar vi kunstglas som er bortimot refleksfritt og har UV-beskyttelse.

Kom innom, så hjelper vi deg til å finne ei god løysing for bilde ditt!

Repro/bildebehandling

Vi har lang erfaring og høg kompetanse med restaurering av gamle eller øydelagde bilde. Tidlegare gjekk dette arbeidet føre seg for hand, men i dag vert all retusjering og restaurering gjort digitalt. Dette gjer at vi har fått fleire moglegheiter og at sluttresultatet i dag vert endå betre.

Det er ikkje berre gamle bilde som kan trenge retusjering. Vi retusjerer også vekk til dømes skjemmande element som datoar i eit hjørne eller ei malplassert flaggstong. I tillegg kan fjerning av raude auge, lysning av skuggar i ansikt og liknande gje bilde ditt eit kvalitetsløft. Vi kan hjelpe deg med det meste, berre spør!

Det kan vere vanskeleg å fastsetje kor lang tid vi vil bruke på bildebehandlinga, sidan vi av og til støyter på uventa utfordringar i arbeidet. Om du tek bilde ditt med deg til oss kan vi likevel gje deg eit prisoverslag. Når jobben med bildebehandling først er gjort, vert bilde lagra her hos oss slik at du skal kunne komme tilbake og bestille fleire kopiar om du måtte ønskje det.

Gravid/nyfødt/barn

Andre varer

I tillegg til å ramme inn frå mål, har vi eit breidt album i standardrammer frå 10x13 til 70x100 cm. Utvalet varierer, men du skal kunne finne noko i dei fleste prisklassar her hos oss. Vi har også lang erfaring, og hjelper deg gjerne med råd slik at bilde ditt får ei ramme som passar i mål og farge. Vi har passepartout i standardmål eller skjærer til eit med yttermål som passar i ei ferdigramme dersom bilde ditt har eit ukurrant mål.

Vi har også inne album i ulike variantar og til ulike høve: baby, bryllaup, konfirmasjon, nøytrale og også standardalbum. Albuma får du med plastlommar, kartong, ringperm eller sjølvklebande sider. Sortimentet varierer, men nokre variantar har vi på lager så lenge dei er i produksjon.

Fotohandelen Reiakvam Foto AS er medlem av kjeden Elitefoto. I tillegg til app og nettbestilling, kan du bestille bilde enkelt i fotokioskane vi har i butikken. Då gjev vi deg gjerne gode råd slik at du får bilda ut av minnekortet eller mobilen og opp på veggen din! Her kan du bestille vanlege papirbilde, men også fotobøker og lekkert fotointeriør. De finn døme på fotointeriør utstilt i butikken.

Andre varer og tenester:

I tillegg til rammer og album, har vi mange ulike varegrupper; kikkertar, kamera, minnekort, fotovesker, fotoklebarar, batteri, foto- og videostativ, takkekortmapper og så vidare. Vi framkallar filmrullar, lagar bilde frå negativ eller filer, bytar glas, kopierer videokassettar og mykje, mykje meir. Kom gjerne innom om du har noko du lurer på om vi kan hjelpe deg med!

Kontakt oss

Så kjekt at du kom innom sida vår!
Har du spørsmål til oss eller ønskjer å bestille time,

kan du gjerne legge att ei melding i skjemaet under, så svarar vi så fort vi kan.

Du kan også ta kontakt på 57 82 19 77.

Fotografiske tenester

Reiakvam Foto as

MVA 936 968 201

Din Fotograf i Førde sidan 1946

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00

Reiakvam Foto as

MVA 936968201

- Din fotograf i Førde sidan 1946

Siste nytt frå Instagram

@fotografreiakvam