menylukk

 

Storfamilie

 

Nokre vil komme til, og nokre vil falle ifrå. Eit storfamiliebilde fortel historia om familien din då bilde vart tatt. Er alle samla til bryllaupsdag eller stor bursdagsfeiring? Set av tida til fotografering! Den største jobben er å samle alle (men det er verdt strevet!)

Fleire og fleire vel å ta bilde av heile storfamilien samla, og det gler eit fotografhjarte! Storfamiliefotograferingar er så kjekt å ha for framtida, og her får verkeleg fotografiet spele ut den aller viktigaste rolla det har, nemleg rolla som historieformidlar. Ein familie er alltid i endring, og generasjonar kjem til og fell ifrå. Verdien av eit slikt bilde kan ikkje målast, og vi garanterer at det er verdt all planlegginga for å finne eit tidspunkt som passar for alle, diskusjonane om påkledning og stadige endringar i planane (det er ikkje berre deg, det vert alltid litt fram og tilbake!). Ein rund dag eller feiring av ein bryllaupsdag er ofte gode høve til å få fingeren ut og ta bilde når alle likevel er samla. Det same gjeld høgtider som jul og påske, før alle reiser kvar til sitt. Det ligg nokre begrensingar når det kjem til antal personar og utval i bakgrunnar i studio, men kjem de på sommarhalvåret er forhåpentlegvis utefotografering eit godt alternativ.

Storfamiliefotografering er ei kjempefin gåve til gullbrudeparet eller jubilanten! De vel sjølve om fotograferinga er gåva, eller om de ønskjer å gje vekk eit ferdig bilde eller eit gåvekort i tillegg. Mange vel også å nytte høve til å ta bilde av si familiegrein mot eit lite pristillegg på berre 300 kr. Kanskje kan det vere kjekt med bilde av besteforeldre med barnebarn på fanget? Eller til og med eit portrett av førstegenerasjonen? Det er fort nokre tiår sidan sist?

Kontakt oss

Så kjekt at du kom innom sida vår!
Har du spørsmål til oss eller ønskjer å bestille time,

kan du gjerne legge att ei melding i skjemaet under, så svarar vi så fort vi kan.

Du kan også ta kontakt på 57 82 19 77.

Fotografiske tenester

Reiakvam Foto as

MVA 936 968 201

Din Fotograf i Førde sidan 1946

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00

Reiakvam Foto as

MVA 936968201

- Din fotograf i Førde sidan 1946

Siste nytt frå Instagram

@fotografreiakvam