menylukk

 

Søsken

 

Forskjellen mellom ein eittåring og ein treåring er enorm, og søskenfotografering av små barn er ofte fylt av kjærleik og herleg kaos. Etter kvart som barna veks til viskast aldersforskjellen ut, men samspelet mellom søsken er likevel kjempefint å forevige. Søskenfoto er verdt å prioritere uansett alder!

 

Søskenfotografering er noko vi har året rundt, vanlegvis i kombinasjon med andre fotograferingar. Ein kan fint ta med søsken på eittårsfotografering, eller når den eine er konfirmant. Det er også fint å kombinere med familiefotografering, men ein kan sjølvsagt også ta ein heil fotograferingsserie berre med søskenbilde. Å fotografere fleire barn under skulealder byr sjølvsagt på nokre utfordringar, men vi har etter kvart lang erfaring med å takle alt frå aktive eittåringar til stae treåringar og sjenerte femåringar. Dei viktigaste råda vi kan gje til dei vaksne er: førebu barnet på at fotografering er noko kjekt, og slapp av sjølv. Dei fleste barn synast det er kjekt å bli tatt bilde av, men vert krava til dei for høge, kan mange reagere med å setje seg på bakbeina. Vi er opne for tøys og moro i studio, og synast vi får dei finaste bilda når barna får vere barn.

Det er lett å gløyme at søsken ikkje berre er småbarn. Vi slår gjerne eit slag for at fleire skal gå til fotografen med barn i småskulealder, for denne tida meiner vi ofte vert gløymd. Då er barna greie å kommunisere med, dei gjer for det meste det vi ber dei om, men dei er framleis fulle av sprell og moro før tenåra - med sine utfordringar - slår til for fullt. Tida går fort, og rekk de ikkje ta bilde før konfirmasjonstida er over dykk, er det ofte neste milepæl mange vel å ta med seg ungdomane sine i studio. Kvar jul har vi også fleire søskenfotograferingar, der vaksne søsken i vidaregåande- og studentalder ønskjer å overraske mor og far med eit nytt og oppdatert søskenbilde. Det er ein kjempeidè, som vi gjerne ønskjer å hjelpe til med å setje ut i live. Vi har ulike løysingar ut ifrå kva budsjett ein ser føre seg, for vi veit at studietida sjeldan tillet dei store investeringane.

Kontakt oss

Så kjekt at du kom innom sida vår!
Har du spørsmål til oss eller ønskjer å bestille time,

kan du gjerne legge att ei melding i skjemaet under, så svarar vi så fort vi kan.

Du kan også ta kontakt på 57 82 19 77.

Fotografiske tenester

Reiakvam Foto as

MVA 936 968 201

Din Fotograf i Førde sidan 1946

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00

Reiakvam Foto as

MVA 936968201

- Din fotograf i Førde sidan 1946

Siste nytt frå Instagram

@fotografreiakvam