Snart ny konfirmantsesong!

Tenk at det nærmar seg konfirmantsesong igjen. Det er jo ikkje så lenge sidan sist! Alle aldrar har sin sjarm, og sjølv om eg elskar å dille med nyfødte, tøyse med babyar og leike med små barn, så er det veldig kjekt å bli litt kjent med konfirmantane som kjem innom. Dei er jo alle så kule, kjekke, tøffe, søte, sjenerte, snille, fine og forskjellige!

Konfirmantfotograferingar har vi strengt tatt heile året, men dei aller fleste har vi no på vårparten. Nokre har allerede booka fotografering, men vi tek sjølvsagt imot timebestillingar fortløpande. Og sjølv om nokon kanskje kjenner på tidspresset og trur at konfirmasjonsbilde må takast på våren: får vi ein like fin haust som i fjor, så er det berre å ta det heilt piano (men pass på at dressbuksa ikkje blir for kort!)

For timebestilling anbefalar vi at du ringer oss på 57 82 19 77, eller du kan sende oss ei melding i kontaktskjemaet som du finn i menyen over.

– Dagrun

 

Til toppen av sida|Del dette innlegget på Facebook|Del dette innlegget på epost|Få nye innlegg på epost
K o n t a k t i n f o