menylukk

Hei og velkommen

Vi ønskjer at portretta våre skal vare i generasjonar, og er opptekne av reine motiv med menneska og relasjonane i fokus. Fotografyrket er eit handverksfag, og vi er stolte av å kunne produsere det meste av bildeprodukta vi tilbyr her i Hafstadvegen. Då veit vi at dei vil vare i år etter år.


Ved å trykkje på bildene i oversikta under, kan du lese meir om dei ulike fotograferingane våre. Vi håpar du tek kontakt!

Velkommen til fotografering hos Fotograf Reiakvam!

 

Fotografiske tenester

 

Bestillingsprosessen

Å følgje opp kunden frå fotografering til utlevering av eit kvalitetsprodukt som skal vare i generasjonar, ser vi på som ein naturleg del av det å vere fotograf. Ja, faktisk ser vi på det som vårt samfunnsoppdrag! Vi er så brennande engasjerte i og stolte av yrket vårt, at vi bryr oss om kvart enkelt negativ i arkivet og kvar enkelt fil! Vi skal ta vare på minna for eit heilt lokalsamfunn.

Av og til må vi minne oss på at det slett ikkje er daglegdags for dei fleste å gå til fotografen. Difor ønskjer vi å vere opne og tydlege på korleis prosessen frå fotografering til bildebestilling og ferdige bildeprodukt er her hos oss. Verken prisane eller framgongsmåten vår er hemmelege, og vi har trua på at å vere ryddige og tydelege frå starten av er noko vi alle er tente med. Om de ønskjer å bestille time hos oss, er det ein stor fordel om de gjer dykk kjende med informasjonen de finn på denne sida. Vi ønskjer å vere ein leverandør av kvalitetsprodukt som varer i generasjonar, og vil sikre at bilda våre blir produserte med tilfredsstillande kvalitet. Difor sel vi i utgongspunktet ikkje høgoppløyselege filer til sjølvprint. Unntaket er halvdags- og heildagsbryllaup som er reportasjebilde. Dette kan du lese meir om nederst på denne sida.

 

Etter at fotograferinga er vel gjennomført, får de tilsendt dei beste bilda (lågoppløyselege med vassmerke) i eit passordbeskytta album. Desse bilda får de om lag 2 dagar før vi møtast til ein visnings-/ bestillingstime, slik at de skal kunne førebu dykk heime i ro og mak. Kva som foregår på den timen og tips til korleis de bør førebu dykk, kan de lese om i avsnittet under. På bestillingstimen betalar du minimum 50% av det beløpet du bestiller for, og eventuelt resten ved henting. Like etter timen set vi i gong med å produsere og bestille inn det du ønskjer av rammer eller liknande. Når vi har fått klart alt du har bestilt, sender vi deg ein sms om at du kan hente det. Kjem de langvegs frå, kan vi organisere ein bestillingstime over telefon eller nett.

Fotografen Dagrun Reiakvam

 

Som tredje generasjon Fotograf Reiakvam, er eg glad for at eg får føre arven vidare og fotografere store og små i omlandet vårt. I tillegg til den formelle utdanninga mi, har eg etter kvart brei erfaring med å fotografere alt frå interiør til nyfødte, konfirmantar og mykje meir. Dei fleste fotograferingane har eg nok i studio, men eg tek gjerne turen dersom de skulle ønskje å ta bilde utandørs eller ein annan stad som betyr noko spesielt for dykk.

 

Noko av det beste med jobben min er å bli litt kjent med alle dei flotte menneska eg har framfor kameraet. Eg blir også veldig audmjuk av den tilliten så mange viser, ved å la meg få den viktige oppgåva av å stoppe tida bittelitt og skape minne som vil vare i generasjonar. Det å levere bilde som held eit fagleg høgt nivå er veldig viktig for meg, og eg er stolt av å vere aktivt medlem i Norges Fotografforbund, som set krav til forsvarleg drift, seriøsitet og utdanning.

Formell utdanning:
- Bachelor i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen
- 1 år ved Kent Institute of Art and Design

- Bachelor i spesialisert kunst, fotografi, Kunsthøgskulen i Bergen
- Sveinebrev

 

Kontakt oss

Så kjekt at du kom innom sida vår!
Har du spørsmål til oss eller ønskjer å bestille time kan du gjerne sende oss ein e-post på foto@reiakvam.no, så svarar vi så fort vi kan.

Du kan også ta kontakt på 57 82 19 77, så set vi opp ein time med det same!

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00

For endra opningstider ved høgtider:
sjå Google eller Facebook-sida vår.

Reiakvam Foto as

MVA 936968201

- Din fotograf i Førde sidan 1946

Siste nytt frå Instagram

@fotografreiakvam

Reiakvam Foto as

MVA 936 968 201

Din Fotograf i Førde sidan 1946

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00