menylukk

 

Nyfødt

 

«Hei du vesle, -velkommen til jord! Ubrukt er livet ditt, open ligg verda, og ventar, og gler seg til dine spor!» Nyfødtfotografering er ein ganske ny sjanger, som er komen for å bli. No tilbyr vi også heimefotografering av nyfødt – fordi vi veit korleis barseltida kan vere..

Trenden med å ta dei aller yngste barna med til fotografen ser ut til å vedvare, og vi har etter kvart lang erfaring med å handtere nyfødte i studio. Vi synast det er kjempehyggeleg å få treffe desse søte små så tidleg i liva deira! Er de gravide og lurer på om de ønskjer å få tatt nyfødtbilde, så er det lurt å tenke på dette allerede før babyen er født. De treng ikkje bestille time før babyen er komen til verda, men de kan gjerne ta kontakt så snart de er komne heim frå sjukehuset. Aller helst bør babyen vere mellom 8 og 12 dagar gamal, ettersom dei fort mistar dei nyfødte trekka sine og er meir og meir vakne. Vi veit at det kan vere utfordrande for mange å skulle ut av huset når ein har ein nyfødt. Difor kjem vi gjerne også heim til dykk og fotograferer, dersom de ønskjer dette. Sjå meir om heimefotografering av nyfødt lenger nede på denne sida.

 

Vi sørgjer alltid for å ha det godt og varmt i studio, slik at den vesle som ikkje skal ha så mykje kle på seg ikkje frys. Det vert med andre ord i overkant varmt for dei vaksne, så det kan vere lurt å ha på seg noko lett og luftig ettersom temperaturen i studioet ligg mellom 25 og 30 gradar under fotograferinga. Vi set alltid av 2 timar til nyfødte, for det går vekk mykje tid til mating, bleieskift og byssing. Det er den minste som styrer agendaen, og dei beste bilda vert ofte tatt når timen nærmar seg slutten og babyen fell til ro. Mange har store planar om kva type bilde dei ønskjer å få tatt av barnet sitt, men det er best å innsjå først som sist at det ikkje nødvendigvis er vi vaksne som er sjefane desse 2 timane. Nokre born søv tungt heile tida og kan formast som vi ønskjer, medan andre er vakne lenger enn nokon gong før i sitt foreløpig korte liv og kan vere ganske urolege. Ein del ting må ein difor berre ta på sparket, og vi får kanskje ikkje brukt alle dei ulike hentesetta de fekk. Så lenge barnet har det godt og er roleg får vi tatt fine bilde, sjølv om det kanskje vil seie at vi må innfinne oss med at barnet kanskje ikkje går med på alt av planar vi måtte ha for fotograferinga.


Vi syns våkne bilder er vel så fine som sovebilder, så sjølv om barnet ikkje søv set vi i gong med å fotografere så lenge minsten er mett og fornøgd. Vert babyen uroleg, tek vi oss tid til både mating og byssing. Vi har heimestrikka bleiebukse og hue i nøytrale fargar, og de tek med dykk andre ting de ønskjer å fotografere i og gjerne pledd eller liknande som tilhøyrer babyen. Vår erfaring er at de har meir enn nok å velje i! Vi har også ulike rekvisittar som korger, trekassar, pledd og liknande, men har de noko spesielt de ønskjer å bruke er det berre å ta dette med seg.

 

Om de ønskjer det tek vi gjerne nokre bilde med storesøsken heilt i starten av timen. Då brukar vi helst ikkje lenger enn 15-20 minutt på dette, sidan det ofte vert stressande for det yngste barnet og kjedeleg for dei eldste. Ei nyfødtfotografering baserer seg på varme, stillheit og ro, og dei tek som oftast 2 timar, noko som ofte ikkje passar eit 3 år gamalt storesøsken like godt. Det beste er difor at nokon tek med seg eventuelle storesøsken ein annan stad når desse er ferdige i studio. I tilfelle der eldstemann ikkje er så mange år eldre enn den nyankomne, kan det vere best å utsetje søskenbilda til den minste er 6 månader eller eldre. Vi fotograferer gjerne babyen saman med mor og far i løpet av dei 2 avsette timane, dersom de ønskjer dette.

 

Heimefotografering av nyfødt

Å få eit lite nyfødt barn i armane, er noko heilt spesielt. Det er fantastisk, men også altoppslukande, utfordrande og travelt. Av og til kan det å skulle ut av huset virke som ei uoverkommeleg oppgåve av ulike årsaker. Vi tilbyr difor no heimefotografering av nyfødte, noko vi meiner bidreg til ei rolegare oppleving både for foreldre og baby. Bilda vil då få eit meir reportasjeaktig preg, men fleire av bilda vil kunne oppfattast som studiobilde. Av rekvisittar brukar det vi har tilgjengeleg, som pledd, dyner, fine veggar og mor eller far sine armar.

 

Bruk gjerne kontaktskjemaet eller ring oss om de ønskjer heimefotografering av nyfødt. Eg kjem gjerne på besøk!

Heimefotografering av nyfødt

 

Å få eit lite nyfødt barn i armane, er noko heilt spesielt. Det er fantastisk, men også altoppslukande, utfordrande og travelt. Av og til kan det å skulle ut av huset virke som ei uoverkommeleg oppgåve. Vi tilbyr difor no heimefotografering av nyfødte, noko vi meiner bidreg til ei rolegare oppleving både for foreldre og baby. Bilda vil då få eit meir reportasjeaktig preg, men som de ser i galleriet vil fleire av bilda kunne oppfattast som studiobilde. Alle bilda i galleriet er av den samme nydelege jenta, og dei er tatt i stova til familien på fem. Av rekvisittar brukar det vi har tilgjengeleg, som pledd, dyner og mor eller far sine armar.

 

 

Bruk gjerne kontaktskjemaet eller ring oss om de ønskjer heimefotografering av nyfødt. Eg kjem gjerne på besøk!

Kontakt oss

Så kjekt at du kom innom sida vår!
Har du spørsmål til oss eller ønskjer å bestille time, kan du gjerne legge att ei melding i skjemaet under, så svarar vi så fort vi kan.

Du kan også ta kontakt på 57 82 19 77.

Fotografiske tenester

Reiakvam Foto as

MVA 936 968 201

Din Fotograf i Førde sidan 1946

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00

Reiakvam Foto as

MVA 936968201

- Din fotograf i Førde sidan 1946

Siste nytt frå Instagram

@fotografreiakvam