Marte & Andreas

Som fotograf møter eg mange nye menneske og får gleda av å bli litt kjent med desse i løpet av den korte tida vi har saman. Dette gjeld spesielt brudepara mine, sidan eg tilbringer mange timar med dei. Før bryllaupet møtast vi til ein planleggingstime, så er det sjølve fotograferinga (alt frå 1,5-6 timar) og til slutt 2 timar visningstime der brudeparet vel ut takkekort, album, forstørringar og så vidare. Marte og Andreas er to av desse menneska eg stifta bekjentskap med i fjor, og vi fann tonen umiddelbart. God kjemi med brudeparet er superviktig for då får ein dei beste bilda!

Sjølv om eg meir enn gjerne skriv lange utgreiingar om korleis eg opplever ei bryllaupsfotografering, tenkte eg det kunne vere kjekt med ein liten vri. Denne gongen har fine Marte og Andreas skrive ein liten tekst for meg i staden, og audmjukt let eg dei stå for skildringa av bryllaupsfotograferinga deira:

Bryllaupsdagen vår var heilt fantastisk! Vi hadde ei kjempefin stund i Førde kyrkje og ein minnerik fest med familie og vener. Denne store dagen var det viktig for oss å dokumentere. I tillegg til dei ”obligatoriske” bryllaupsbileta, valde vi å ha med fotograf i kyrkja.

Til dette viktige dokumenteringsoppdraget valde vi Fotograf Reiakvam. Dette er eit val vi er veldig nøgde med på alle punkt: heilt frå planleggingstimen med Dagrun nokre veker før vigsla, via sjølve fotograferinga på bryllaupsdagen, visningstimen i etterkant av bryllaupet, og til vi no har motteke alle produkta vi bestilte.

Noko vi på førehand ikkje hadde tenkt på, var korleis sjølve fotograferingsstunda etter vigsla ville vere. Vi oppdaga at dette var ei herleg stund: rett og slett eit pusterom i ein elles hektisk, men veldig kjekk dag. Dagrun var behageleg å vere rundt, og fekk oss til å slappe av så godt som det let seg gjere for eit nygift par.

For oss var det viktig å få eit naturpreg på bileta våre, men vi visste ikkje på førehand kor vi ville ta bileta. Dagrun foreslo å ta bileta ved Bekkjavatnet, og for ei fin ramme det var! Det blei akkurat den stemninga i bileta som vi hadde sett føre oss – og kanskje endå litt betre. Vi er med andre ord veldig nøgde med resultatet, og det trass i at ingen av oss vel er så utprega fotogene.

Under visningstimen vi hadde i etterkant av fotograferinga, var det satt av god tid. Vi fekk òg tilgang til bileta vi kunne velje mellom god tid i forkant. Når dei nygifte likekvel hadde prestert ein god demonstrasjon av Vinglepetter frå Fjordlandreklamen, var det godt med litt kyndig rettleiing frå ein dyktig fotograf – med litt betre blikk for detaljane.

Spenninga var stor då det etter kvart byrja å tikke inn hentemeldingar på telefonen. Takkekorta blei distribuert, nøgde slektningar fann den obligatoriske forstørringa under juletreet, og dei nygifte syntest det var stor stas å få vise fram sine eigne endå litt større forstørringar – og seinare album – til ei nyfiken forsamling. No gler vi oss til å flytte inn i nytt, gamalt hus, og få bileta opp på veggen!

– Dagrun + Marte & Andreas

.

Til toppen av sida|Del dette innlegget på Facebook|Del dette innlegget på epost|Få nye innlegg på epost
K o n t a k t i n f o