Lena & Paal

Sommaren 2016 hadde eg mange fantastiske brudepar, men forutan eit bilde eller to på Instagram er det ikkje så mange bilda eg har fått vist fram. Tida går og no tikkar det inn bookingar frå nye brudepar, så då er det på tide med eit lite blogginnlegg for å minne oss om at etter vinter kjem vår og etter vår kjem (forhåpentlegvis) sommar!

Lena og Paal er definitivt eit brudepar som er bloggverdig. Nydelege både inni og utanpå, vakker vigsle og eit episk gruppebilde i Sunnfjordkatedralen. Kva meir kan ein fotograf be om? Kva med ein brudgom i uniform? Eller ei brud i den mest utrulege blondekjolen og med den vakraste blomsterbuketten? Sa eg at dei er superhyggelege også? Av og til har eg den beste jobben i verda!

Dagen begynte med at eg var med Lena og forlovaren hennar til frisøren på Salong44. Plutseleg vart det litt langt å køyre veteranbil frå Førde til Naustdal, så eg heiv meg i min eigen bil og køyrde av gårde. Vel framme fekk eg fotografert den ventande brudgommen, og eg fekk forsikra dei om at bruda var på veg og at ho var vel verdt å vente på. Etter ei vakker vigsle, stilte eg brudefølgjet opp framme i kyrkja. Eg fekk kyndig hjelp av far min til å stille dei opp, medan eg stod på galleriet med kameraet og ropte, peika og instruerte (“han som står bak ho med rosa kjole på andre rad må gå til høgre eit steg!”). Dette var definitivt den delen av fotograferinga eg var mest nervøs for, og då er det kjempeherleg når resultatet blei som det blei. Eit slikt gruppebilde er det ikkje mange som har!

Sjølve fotograferinga av brudeparet tok vi mellom anna på brygga til far til bruda, med Førdefjorden i bakgrunnen. Været var ikkje heilt som ein håpar på når ein planlegg sommarbryllaup, men gje meg heller tunge låge skyer over fjorden enn strålande solskin. Det kalde blå lyset stod perfekt til dei sarte pastellane i brudebuketten frå Falkenstein blomster. Brudgommen bytta så til smoking og vi tok fleire bilde på ulike stader i heimeområdet til bruda. Eg kunne gjerne ha fotografert dei i timesvis, men til slutt må ein jo berre overlate brudeparet til gjestane sine. Det er jo tross alt dei brudeparet er der for og ikkje meg.

Sjølv om det begynner å bli ei stund sidan 25. juni 2016, minnast eg den gode stemninga, dei avslappa og fine menneska og det lukkelege brudeparet. Det håpar eg at eg har fanga i bilda mine.

– Dagrun

 

Til toppen av sida|Del dette innlegget på Facebook|Del dette innlegget på epost|Få nye innlegg på epost
K o n t a k t i n f o