Lena & Joachim

Historia om Lena og Joachim er allerede ganske lang. Dei har vore saman i 17 år, altså halve livet hennar. Det følast som om det alltid har vore Lena og Joachim. Hus og born var i boks for lengst og Lena har allltid visst at ho skulle gifte seg i mora sin kjole, men frieriet lot vente på seg. Det var difor ei stor glede, men absolutt også ei overrasking då Joachim (omsider) tok mot til seg og gjekk ned på kne på Lena sin bursdag i fjor. Historia om Lena og Dagrun er ikkje like lang, men vi har likevel kjent kvarandre lenge. Vi gjekk i parallellklassar på ungdomsskulen og vidaregåande, men skate-Lena og raddis-Dagrun hang ikkje spesielt mykje saman den gongen. Det var først då dei desperate blikka våre møttast i ein klasse på 400 kunsthistoriestudentar hausten 2003 vi oppdaga at vi kanskje ikkje var så ulike likevel. Men det er ei anna historie.

På laurdag var det klart for bryllaupsfeiring og det var nok fleire enn brudeparet og næraste familie som var nervøse. Å ta bilde av nære vennar er ei utruleg stor ære og på ingen måte ei oppgåve eg tek lett på. Eg vart medlem i ein eksklusiv klubb som fekk vite om den hemmelege staden der vigsla skulle stå, og den staden måtte det vere godt vær. Etter at langtidsvarselet meldte 25 gradar og strålande sol i vekesvis framover, dukka det plutseleg opp eit symbol vi ikkje likte. Lyn og torden? Styrtregn? I siste liten gjekk det ut melding til festdeltakarane om at paraply kanskje var ein nytting ting å ta med seg. Ein kan då umulig ha sånn uflaks?

Det vart sagt i fleire talar under middagen at “Lena får det alltid som ho vil (sjølv om ho kanskje må vente 17 år)”. Dette gjaldt også sjølve vigsla, for regnet lot vente på seg. Snakk om å ha flaks i uflaksen! Med næraste vennar og familie til stades gav dei kvarandre sitt ja ved Djupedalsvatnet med majestetiske Store- og Lisjehesten som bakgrunn. Til og med ein noko avmålt sunnfjording må innrømme at det var spektakulært, nydeleg og ikkje stort meir enn aldeles fantastisk! Etter at gjestane var sendt avgarde til festen på Åmot Operagard i to veteranbussar, var det min tur. Prega av den vakre seremonien eg nett hadde vore vitne til og tynga av ønsket om å prestere, gjekk vi i gong med å fotografere brudeparet. Himmelen vart mørkare og mørkare bak oss. Kor tid kjem det varsla torevêret? Eg klatra i tre. Brudeparet låg i lyngen. Vi gjekk i selskapssko over myrer. Var det verdt det? Det både håpar og trur eg!

Regnet kom om lag kl 14:30, akkurat i det vi tok dei aller siste bilda av brudeparet. Eg pakka ned fotoutstyret, heiv på meg selskapskjolen og overlot siste delen av fotograferinga i dei trygge hendene til min dyktige fotografkollega David Zadig.

Takk for det ærefulle oppdraget og takk for at eg fekk ta del i den fantastiske dagen dykkar. Det var ei oppleving for livet!

Klemmar frå
Dagrun

 

brudepar fotograf reiakvam 30 brudepar fotograf reiakvam 29 brudepar fotograf reiakvam 28 brudepar fotograf reiakvam 27 brudepar fotograf reiakvam 26 brudepar fotograf reiakvam 25 brudepar fotograf reiakvam 24 brudepar fotograf reiakvam 22 brudepar fotograf reiakvam 21 brudepar fotograf reiakvam 20 brudepar fotograf reiakvam 19 brudepar fotograf reiakvam 17 brudepar fotograf reiakvam 16 brudepar fotograf reiakvam 15 brudepar fotograf reiakvam 18 brudepar fotograf reiakvam 14 brudepar fotograf reiakvam 13 brudepar fotograf reiakvam 12 brudepar fotograf reiakvam 11 brudepar fotograf reiakvam 10 brudepar fotograf reiakvam 08 brudepar fotograf reiakvam 09 brudepar fotograf reiakvam 07 brudepar fotograf reiakvam 06 brudepar fotograf reiakvam 05 brudepar fotograf reiakvam 04 brudepar fotograf reiakvam 03 brudepar fotograf reiakvam 02 brudepar fotograf reiakvam 01

 

 

 

 

Til toppen av sida|Del dette innlegget på Facebook|Del dette innlegget på epost|Få nye innlegg på epost
K o n t a k t i n f o