menylukk

Fotografen Dagrun Reiakvam

 

Som tredje generasjon Fotograf Reiakvam, er eg glad for at eg får føre arven vidare og fotografere store og små i omlandet vårt. I tillegg til den formelle utdanninga mi, har eg etter kvart brei erfaring med å fotografere alt frå interiør til nyfødte, konfirmantar og mykje meir. Dei fleste fotograferingane har eg nok i studio, men eg tek gjerne turen dersom de skulle ønskje å ta bilde utandørs eller ein annan stad som betyr noko spesielt for dykk.

 

Noko av det beste med jobben min er å bli litt kjent med alle dei flotte menneska eg har framfor kameraet. Eg blir også veldig audmjuk av den tilliten så mange viser, ved å la meg få den viktige oppgåva av å stoppe tida bittelitt og skape minne som vil vare i generasjonar. Det å levere bilde som held eit fagleg høgt nivå er veldig viktig for meg, og eg er stolt av å vere aktivt medlem i Norges Fotografforbund, som set krav til forsvarleg drift, seriøsitet og utdanning.

Formell utdanning:
- Bachelor i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen
- 1 år ved Kent Institute of Art and Design

- Bachelor i spesialisert kunst, fotografi, Kunsthøgskulen i Bergen
- Sveinebrev

 

 

Historia vår

 

Reiakvam Foto vart starta av Dagfinn Reiakvam (1917-1983) rett etter 2. verdskrigen og har sidan 1949 halde til i Hafstadvegen 15. Dagfinn arbeidde som fotograf frå før den 2. verdskrigen og fram til han døydde i 1983. Samstundes som han hadde fotoforretning i Førde, reiste han også mykje rundt i Sogn og Fjordane og fotograferte. Han etterlet seg eit variert arkiv med bilde av landskap, folkeliv, portrett og brudepar – bilde som i dag er av høg historisk verdi.

 

Bjarne (f. 1945) og Olav Reiakvam (f. 1949), sønene til Dagfinn, dreiv Reiakvam Foto på 80-,90- og 2000-talet. Dei hadde i denne perioden avdelingar både i Hafstadgåden og i Førde Torg, i tillegg til hovudforretninga vår i Hafstadvegen 15. Bjarne var dagleg leiar og stod for drifta av sjølve butikken, medan Olav var fotograf og fagleg ansvarleg. Olav vart utdanna ved Harrow School of Photography i London i åra 1968-1972. Etter dette tenestegjorde han som fotograf i Mannskapsavisa i Luftforsvaret, før han vende tilbake til Reiakvam Foto for å arbeide saman med far sin. Der tok han seinare sveineprøva og han har også tatt meisterbrevet og kan med dette kalle seg meisterfotograf.

 

Dagrun Reiakvam (f. 1982) vende etter studiane tilbake til Førde og Reiakvam Foto hausten 2008. Utdanninga si har ho ifrå Kent Institute of Art and Design, og ho har bachelor i kusthistorie frå Universitet i Bergen i tillegg til ein bachelor i spesialisert kunst med hovudvekt på fotografi frå Kunsthøgskulen i Bergen. Sveineprøva tok ho i juni 2013, og er dermed tredje generasjon Reiakvam som har sveinebrevet. I 2013 overtok ho butikken og er no eigar av Reiakvam Foto. Bjarne, Olav og Dagrun er alle stolte medlemmar av Norges Fotografforbund (NFF) og Dagrun deltek årleg på samlingar i NFF sin regi.

 

Reiakvam Foto AS i dag

Bjarne er i dag pensjonist, men er innom og hjelper til og tek ein kaffikopp ved høve. Sjølv om Olav er passert 70 år, er han framleis tilsett i familiebedrifta, og hjelper gladeleg til i høgsesongar og elles ved behov.

 

Reiakvam Foto AS er framleis i drift som kombinert fotograf og fotobutikk. Butikkdelen er medlem i kjeden Elitefoto , og den utgjer framleis ein vesentleg del av arbeidsmengda og omsetnaden til Reiakvam Foto AS. I 2016 investerte vi i ein ny tørrlab, som vi kan produsere bilde opp til 30 cm breidde på. Kvart år gjer vi nyinvesteringar som gjer at vi kan følgje med i tida og tilby kundane våre produkt dei etterspør.


På bilde ser vi Bjarne, Dagrun og Olav Reiakvam fotografert av broren til Dagrun og sonen til Olav, Dagfinn Olav Reiakvam. Bilde er tatt i samanheng med ein artikkel i avisa Firda då Reiakvam Foto fylte 70 år i 2016.

Kontakt oss

Så kjekt at du kom innom sida vår!
Har du spørsmål til oss eller ønskjer å bestille time kan du gjerne sende oss ein e-post på foto@reiakvam.no, så svarar vi så fort vi kan.

Du kan også ta kontakt på 57 82 19 77, så set vi opp ein time med det same!

 

Fotografiske tenester

Reiakvam Foto as

MVA 936 968 201

Din Fotograf i Førde sidan 1946

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00

For endra opningstider ved høgtider:
sjå Google eller Facebook-sida vår.

Siste nytt frå Instagram

@fotografreiakvam

Reiakvam Foto as

https://www.reiakvam.no/ - MVA 936968201

- Din fotograf i Førde sidan 1946