Heimesida har fått ny utsjånad!

fotograf reiakvam sveinebrevEg har lenge tenkt på at heimesida kunne trengt ei oppdatering, men tida strekk ikkje alltid til (og det må vel vere eit godt teikn?).  I vår har eg omsider fått sett av tid til å gje heimesida vår eit aldri så lite ansiktsløft, og eg syns det ser riktig så bra ut! No har det seg slik at vi feirar 70 år i år, og då må det sjølvsagt vere med i logoen vår i 2016. Bestefar Dagfinn starta eigentleg opp som fotograf før krigen, men på grunn av fotoforbod og rasjonering på film vart det heller dårleg med drift og fotografering i krigsåra 1940-45. Han tok sveineprøva 6. mai 1946, så vi har difor kalla dette for vårt oppstartsår trass i at vi faktisk er nokre år eldre enn vi seier. Kven lyg ikkje på alderen når ein kjem litt opp i åra?

Forutan ny farge og utforming på logoen har eg gjort nokre strukturelle og kosmetiske endringar. Det skal no vere enklare å navigere fram til dei ulike temasidene for fotograferingar. Ønskjer du til dømes informasjon om konfirmasjonsfotografering, trykkjer du berre på den kjekke konfirmanten på framsida vår. Du vil først komme til ei infoside, og vidare derifrå finn du prislister, bildegalleri og informasjon om visningar og produkt. Bildegalleria skal bli oppdaterte med fleire fine bilde i tida som kjem, så det er berre å følgje med framover.

Bloggen har no fått ny plassering og du finn den i den horisontale menyen over. Her legg vi ut innlegg om fotograferingar vi har hatt, kampanjar, opningstider før jul og andre nyheiter. Eg vil linke til denne sida på Facebook-sida vår når eg legg ut noko. I tillegg vil det dukke opp nye bilde som vi postar på Instagram på denne sida. Følg oss gjerne. Vi heiter sjølvsagt fotografreiakvam!

Eg håpar å få oppdatert endå meir på heimesida vår framover, men akkurat no er det fullt opp med konfirmantar og brudepar på timeplanen!

– Dagrun

Til toppen av sida|Del dette innlegget på Facebook|Del dette innlegget på epost|Få nye innlegg på epost
K o n t a k t i n f o