Heimefotografering nyfødt

Å få eit lite nyfødt barn i armane, er noko heilt spesielt. Det er fantastisk, men også altoppslukande, utfordrande og travelt. Av og til kan det å skulle ut av huset virke som ei uoverkommeleg oppgåve. Vi tilbyr difor no heimefotografering av nyfødte, noko vi meiner bidreg til ei rolegare oppleving både for foreldre og baby. Bilda vil då få eit meir reportasjeaktig preg, men som de ser i galleriet vil fleire av bilda kunne oppfattast som studiobilde. Alle bilda i galleriet er av den samme nydelege jenta, og dei er tatt i stova til familien på fem. Av rekvisittar brukar det vi har tilgjengeleg, som pledd, dyner og mor eller far sine armar. Bruk gjerne kontaktskjemaet eller ring oss om de ønskjer heimefotografering av nyfødt. Eg kjem gjerne på besøk!

Til toppen av sida|Del dette innlegget på Facebook|Del dette innlegget på epost|Få nye innlegg på epost
K o n t a k t i n f o