menylukk

 

Familie

 

Er du ein av dei som ofte tenkjer "vi skulle ha fått tatt eit familiebilde av heile gjengen, men.."? Du er ikkje åleine! Her finn du informasjon og inspirasjon, så kanskje dette er året då du får det gjort?

Trass i at vi tek fleire bilde i dag enn nokon sinne, er det alltid dette eine motivet som manglar; familiebilde. Vanlegvis står mor eller far bak kamera, og det er vanskeleg å få tatt bilde der alle er med. Dette er også eit motiv som vert sett ekstra stor pris på når tida går, for det seier noko om oss alle. Korleis såg mor og far ut då vi var små? Kor mykje høgare var storebror enn lillebror? I november og desember har vi også alltid søskenflokkar i tenåra som vil overraske foreldra sine med eit bilde til jul. Når så foreldra kjem innom oss og rapporterer om tårer som trilla på julekvelden, forstår vi at dette er ei gåve som betyr litt ekstra.

 

Det vanlegaste spørsmålet vi får frå dei som skal ta familiebilde gjeld kva ein skal ha på seg. Vi anbefaler at de gjerne avtalar ein fargepalett eller 2-3 fargar som passar saman som de kler dykk i. Dette kan vere til dømes dongeri, grå og lilla, eller de kan avtale å kle dykk i duse pastellar eller jordfargar. Det viktigaste er at fargane harmonerer med kvarandre, slik at ein får eit roleg motiv. Ein bør unngå klede med store logoar og skrift på og smale striper eller ruter, sidan det kan virke forstyrrande. Det er sjølvsagt også lurt å avtale om ein vil ha på seg finstasen, bunad eller kvardagsklede, slik at alle er inforstått med kleskoden. Om du manglar inspirasjon kan du gjerne ta ein titt i galleriet under.

Våre firbeinte familiemedlemmar er også kjekt å ha med på bilda, og vi har hatt mange kattar og hundar på besøk i studioet. Gje oss gjerne beskjed om dette på førehand, slik at vi kan legge til rette for dette.

Pris frå 1795,-

 

Fotografiske tenester

Kontakt oss

Så kjekt at du kom innom sida vår!
Har du spørsmål til oss eller ønskjer å bestille time kan du gjerne sende oss ein e-post på foto@reiakvam.no, så svarar vi så fort vi kan.

Du kan også ta kontakt på 57 82 19 77, så set vi opp ein time med det same!

Reiakvam Foto as

MVA 936 968 201

Din Fotograf i Førde sidan 1946

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00

For endra opningstider ved høgtider:
sjå Google eller Facebook-sida vår.

Siste nytt frå Instagram

@fotografreiakvam

Reiakvam Foto as

https://www.reiakvam.no/ - MVA 936968201

- Din fotograf i Førde sidan 1946