Sabine & Frode

Laurdag 11. juni 2016 var Sabine og Frode sin store dag. Når bruda og mange av gjestane kjem frå Tyskland, vart det ei litt anleis trespråkleg vigsle i Førde kyrkje, og eg var så heldig å få vere der då dei begge sa “I do”. Brudgommen er ekte Førde-gut og vi vaks opp ikkje mange hundre meter frå kvarandre. Familiane våre har tette band, så då var det ekstra hyggeleg at dei valde meg til deira bryllaupsfotograf.

Sjølve feiringa stod på Sunnfjord Museum i Movika, og fotograferinga la vi til området rundt Mo Jordbruksskule. På førehand advarte eg brudeparet om at det kunne vere litt kyr i området, men tidlegare har dei halde seg på god avstand. Eg trur aldri eg har ledd så masse under ei bryllaupsfotografering før, for det var verkeleg kyr overalt! Dei åt på brudekjolen, dei snusa på buketten og dei sneik seg innpå meg når eg var opptatt med å sjå gjennom søkaren. Resultatet vart nokre brudebilde heilt utanom det vanlege, og ein kunne nesten tru det var reklamebilde for Melkesjokolade! Ein sau bestemte seg dessutan for å photobombe oss, så til og med dei klassiske brudebilda vart med eitt ganske morsomme. Det vart tid til litt anna (meir seriøst) også heldigvis, og det skal absolutt ikkje mangle på bilde å velje mellom. Eg har mange favorittar, men må seie at eg er veldig glad for at vi fekk låne eit av drivhusa på Mo Jordbruksskule, spesielt sidan vi vart overraska av ei kraftig og uanmeldt regnbyge akkurat då vi gjekk inn dørene. Det uventa regnet stokka kanskje om på tidsplanen noko, men vi fekk tatt det store gruppebilde av alle gjestane akkurat mellom to regnskurer. Pjuh!

Det var ein lattermild og søkkvåt fotograf som sette seg i bilen i dét brudepar og gjestar gjekk inn til middag. Eg har dessutan fått innsideinformasjon om at festen varte til godt utpå morgonkvisten, og at det var ei feiring brudeparet verdig… ;-)

Takk for at eg fekk ha det så kjekt med dykk på sjølve bryllaupsdagen dykkar! Denne fotograferinga gløymer eg aldri!

-Dagrun

 

Fotograf Reiakvam brudepar 01Fotograf Reiakvam brudepar 02Fotograf Reiakvam brudepar 04Fotograf Reiakvam brudepar 05Fotograf Reiakvam brudepar 06Fotograf Reiakvam brudepar 08Fotograf Reiakvam brudepar 07Fotograf Reiakvam brudepar 09Fotograf Reiakvam brudepar 10Fotograf Reiakvam brudepar 11Fotograf Reiakvam brudepar 12Fotograf Reiakvam brudepar 13Fotograf Reiakvam brudepar 14Fotograf Reiakvam brudepar 15Fotograf Reiakvam brudepar 16Fotograf Reiakvam brudepar 17Fotograf Reiakvam brudepar 18Fotograf Reiakvam brudepar 19Fotograf Reiakvam brudepar 20

Til toppen av sida|Del dette innlegget på Facebook|Del dette innlegget på epost|Få nye innlegg på epost
K o n t a k t i n f o