menylukk

Hei og velkommen

Sidan 1946 har Dagfinn, Bjarne, Olav og no Dagrun Reiakvam fotografert store og små i Førde og omland. I tillegg til å ta portrett av nyfødte, barn, familiar og vaksne, fotograferer vi brudepar, næringsliv, interiør, skular, barnehagar og mykje meir.

 

Vi ønskjer at bilda våre skal vare i generasjonar, og er opptekne av reine motiv med menneska og relasjonane i fokus. Fotografyrket er eit handverksfag, og vi er stolte av å kunne produsere det meste av bildeprodukta vi tilbyr her i Hafstadvegen. Då veit vi at dei vil vare i år etter år.

 

Velkommen til fotografering hos Fotograf Reiakvam!

Fotografen Dagrun

Som tredje generasjon Fotograf Reiakvam, er eg glad for at eg får føre arven vidare og fotografere store og små i omlandet vårt. I tillegg til den formelle utdanninga mi, har eg etter kvart brei erfaring med å fotografere alt frå
interiør til nyfødte, konfirmantar og mykje meir. Dei fleste fotograferingane har eg nok i studio, men eg tek gjerne turen dersom de skulle ønskje å ta bilde utandørs eller ein annan stad som betyr noko spesielt for dykk.

 

Noko av det beste med jobben min er å bli litt kjent med alle dei flotte menneska eg har framfor kameraet. Eg blir også veldig audmjuk av den tilliten så mange viser, ved å la meg få den viktige oppgåva av å stoppe tida bittelitt og skape minne som vil vare i generasjonar. Det å levere bilde som held eit fagleg høgt nivå er veldig viktig for meg, og eg er stolt av å vere aktivt medlem i Norges Fotografforbund, som set krav til forsvarleg drift, seriøsitet og utdanning.

Formell utdanning:
- Bachelor i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen
- 1 år ved Kent Institute of Art and Design

- Bachelor i spesialisert kunst, fotografi, Kunsthøgskulen i Bergen
- Sveinebrev

Fotografen Dagrun

Som tredje generasjon Fotograf Reiakvam, er eg glad for at eg får føre arven vidare og fotografere store og små i omlandet vårt. I tillegg til den formelle utdanninga mi, har eg etter kvart brei erfaring med å fotografere alt frå interiør til nyfødte, konfirmantar og mykje meir. Dei fleste fotograferingane har eg nok i studio, men eg tek gjerne turen dersom de skulle ønskje å ta bilde utandørs eller ein annan stad som betyr noko spesielt for dykk.

 

Noko av det beste med jobben min er å bli litt kjent med alle dei flotte menneska eg har framfor kameraet. Eg blir også veldig audmjuk av den tilliten så mange viser, ved å la meg få den viktige oppgåva av å stoppe tida bittelitt og skape minne som vil vare i generasjonar. Det å levere bilde som held eit fagleg høgt nivå er veldig viktig for meg, og eg er stolt av å vere aktivt medlem i Norges Fotografforbund, som set krav til forsvarleg drift, seriøsitet og utdanning.

Formell utdanning:
- Bachelor i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen
- 1 år ved Kent Institute of Art and Design

- Bachelor i spesialisert kunst, fotografi, Kunsthøgskulen i Bergen
- Sveinebrev

Kort om fotograferingar

Å gå til fotografen er noko dei aller fleste ikkje gjer så ofte, og det er naturleg at mange har spørsmål knytt til dette. Difor er det viktig for oss å gjere klart korleis det er vi går fram for at du skal få eit bilde på veggen som oppfyller dei strenge kvalitetskrava vi har til det vi leverer. For oss er handverket og fagkunnskapen så avgjerande at vi ikkje ønskjer å tilby høgoppløyselege bildefiler til sjølvprint. Vi produserer det aller meste sjølv,eller får det produsert av ein profesjonell faglab.


Etter ei fotografering, får du tilsendt vassmerka prøvebilde i eit passordbeskytta nettalbum. Nokre dagar seinare møtast vi til visningstime her i butikken. Der viser vi fram ulike bildeprodukt, og set opp bestillinga di. Vi set så i gong å produsere bilda dine og sender deg ein sms når alt er klart. Så gjenstår det berre for deg å få takkekorta i posten eller bilda på veggen!

 

Ønskjer du å vite meir om fotograferingar, visningstimen og bildeprodukta, finn du meir informasjon om dette i linkande under. Er det noko du ikkje finn svaret på, må du gjerne ta kontakt, så svarar vi deg så godt vi kan!

Fotografiske tenester

Kontakt oss

Så kjekt at du kom innom sida vår!
Har du spørsmål til oss eller ønskjer å bestille time,

kan du gjerne legge att ei melding i skjemaet under, så svarar vi så fort vi kan.

Du kan også ta kontakt på 57 82 19 77.

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00

Reiakvam Foto as

MVA 936968201

- Din fotograf i Førde sidan 1946

Siste nytt frå Instagram

@fotografreiakvam

Reiakvam Foto as

MVA 936 968 201

Din Fotograf i Førde sidan 1946

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00