Brudepar

.

.

.

.

Galleri – brudepar

Fotograferingsprisar

Visningar

Produkt

Fleire brudebilde finn du også på bloggsida vår!

.

.

.

.

.

.

Når ein planlegg eit bryllaup er det mykje som skal klaffe og det kan vere vanskeleg å få tid til alt ein skal få gjort i løpet av den store dagen. Det er difor tilrådeleg at de er ute i god tid slik at de kan slå dykk til ro med at fotograferinga hos Fotograf Reiakvam er i boks. Mange bestiller time hos oss allereie eit år før bryllaupet, så for å vere sikker på å få det tidspunktet de ønskjer løner det seg å vere tidleg ute. Dei mest populære datoane går først… Om timeplanen vår tillet det har vi dobbelt opp av utstyr og vi er to fotografar tilsett, noko som gjer at vi hedigvis kan dekke fleire oppdrag samstundes.

Det er også mange som lurer på om vi har høve til å ta på oss bryllaupsoppdrag andre stader i Sogn og Fjordane enn i Førde, og det gjer vi så absolutt! Når de tek kontakt kan vi sjå nærare på kva vi har av bestillingar og gje tilbakemelding på om vi har høve til å komme til dykk og fotografere, sjølvsagt imot ei reisegodtgjersle. Fleire og fleire ønskjer også fotografering under sjølve vigsla, og det gjer vi gjerne dersom tida tillet det.

Før sjølve fotograferingsdagen set vi opp ein planleggingstime saman med dykk. På denne timen går vi igjennom kva vi har avtala for fotograferinga og kva vi meiner de bør tenkje på før den store dagen. Om de har spørsmål eller bestemte ønskjer for fotograferinga, passar det fint å ta dette på denne timen. Det blir også god tid for dykk å sjå på dei ulike albuma, takkekorta og anna vi kan tilby, og de kan sjå døme på produkt vi har laga for andre brudepar tidlegare. Det passar å ha denne planleggingstimen 1-2 månadar før bryllaupsdagen, og de tek sjølve kontakt når de ønskjer å få sett opp denne timen.

Etter at fotograferinga er gjennomført avtalar vi ein visningstime her hos oss. Om lag ei veke før timen mottek de ein link til eit passordbeskytta bildegalleri der de får sjå eit stort utval bilde frå bryllaupsdagen dykkar. Vi set av 2 timar til visning for brudepara våre, sidan det er mykje som skal bestemmast på desse timane. På visningstimen bestiller de takkekort, forstørringar, album, bilde til avisa m.m. Forstørringar, rammer og album bestilt på timen mottek de 15% rabatt på. Prisane på etterbestillingar finn de i prislistene i menyen over. Sluttproduktet er viktig for oss og vi sel difor ikkje høgoppløyselege filer. Vi sel eventuelt USB-kort med eit utval lågoppløyselege vassmerka bilde til bruk på Facebook o.l.

Bryllaupsdagen er berre ein dag i liva dykkar. La oss hjelpe dykk med å ta vare på minna!

Har de andre spørsmål angåande bryllaupsfotografering eller ønskjer å bestille time kan de gjerne ta kontakt, anten i kontaktskjemaet vårt eller på telefon 57 82 19 77.

 

Til toppen av sida|Del dette innlegget på Facebook|Del dette innlegget på epost|Få nye innlegg på epost
K o n t a k t i n f o