menylukk

 

Bestillingsprosessen

Av og til må vi minne oss på at det slett ikkje er daglegdags for dei fleste å gå til fotografen. Difor ønskjer vi å vere opne og tydlege på korleis prosessen frå fotografering til bildebestilling og ferdige bildeprodukt er her hos oss. Verken prisane eller framgongsmåten vår er hemmelege, og vi har trua på at å vere ryddige og tydelege frå starten av er noko vi alle er tente med. Om de ønskjer å bestille time hos oss, er det ein stor fordel om de gjer dykk kjende med informasjonen de finn på denne sida. Vi ønskjer å vere ein leverandør av kvalitetsprodukt som varer i generasjonar, og vil sikre at bilda våre blir produserte med tilfredsstillande kvalitet. Difor sel vi ikkje høgoppløyselege filer til sjølvprint. Dette kan du lese meir om nederst på denne sida.

 

Etter at fotograferinga er vel gjennomført, får de tilsendt dei beste bilda i eit passordbeskytta album. Desse bilda får de om lag 2 dagar før visningstimen, slik at de skal kunne førebu dykk heime i ro og mak. Visningstimen er ein bestillingstime, og de kan lese meir om kva som foregår på den timen og tips til korleis de bør førebu dykk i avsnittet under. På visningstimen betalar du 50% av det beløpet du bestiller for, og resten ved henting. Like etter visninga set vi i gong med å produsere og bestille inn det du ønskjer av rammer eller liknande. Når vi har fått klart alt du har bestilt, sender vi deg ein sms om at du kan hente det.

Visningstimar

Visningstimen er ein bestillingstime, der de vel ut kva de vil ha av album, bilde og rammer, og vi gjev dykk kyndige råd med tanke på størrelsar, overflatebehandlingar, innrammingar og anna de måtte lure på. Bilda viser vi på ein stor skjerm med bakprojeksjon i tilnærma riktig størrelse. Nokre dagar før visninga får de tilgong til eit passordbeskytta album der de kan sjå dei beste bilda frå fotograferinga dykkar. Vi anbefalar at de tek dykk tid til å sjå på bilda og merke favorittane dykkar med stjernesymbolet før de kjem til timen. Vi ønskjer at flest mulig skal bestille på visningstimen, slik at vi kan prosessere ordre og produsere bilde jamnare fordelt utover året, og ikkje berre i høgsesongane i mai og desember. For å oppmode kundane til å gjere ei bestilling på visningstimen, gjev vi 15% rabatt på album, forstørringar, rammer, lerret og bildeplater bestilt på visninga. Bilde bestilt utanom ordinær visning blir dermed til fullpris. Det er difor ein fordel å komme godt førebudde til visningstimen, både for oss og for dykk. Ting de gjerne kan tenkjer gjennom før visningstimen er:

  • Kva forstørring ønskjer vi oss? Eit stort veggbilde? Fleire store? Collage? Rekkeramme? Småbilder? Bilde med passepartout og glas, eller strukturbehandla (laminert) som skal rett i ramme? Her er det mykje å velje i, og vi har gode døme som du får sjå på visninga.
  • Kvar skal bilda henge og kva storleik passar hos oss? Ta gjerne mål av staden der de ser føre dykk å henge bilde eller bilda. Om de tek eit bilde av veggen og møblementet dykkar i tillegg, veit vi endå bedre kva som kan passe hos dykk.
  • Kva ramme kan passe inn i heimen vår? Brei, smal, lys, mørk, enkel, ornamentert? Det finns også alternativ utan ramme, enten enkle bildeplater eller bildemodular. Vi gjev gjerne råd utifrå kva som passar til bilde eller bilda de vel ut. På visningsrommet vårt har vi eit variert utval kvalitetsrammer som vi spesialbestiller til dine bilde etter mål. Sidan bilda blir vist i rett storleik med prosjektor, kan vi demonstrere korleis dei ulike rammene ser ut til bilda dykkar.
  • Skal vi ha bilde i farge eller svart-kvitt? Når ein tek vekk fargane i bilda vert dei ofte rolegare, og formene kjem betre fram. Det kan også vere ei løysing om ein ønskjer å bruke fleire bilde i modular, sjølv om det er ulik bakgrunn på dei.
  • Vil vi gje vekk bilde til andre? Ønskjer mottakaren i same størrelse som dei har frå før? Og kva for slags ramme? Jula kjem like plutseleg kvart år, så kvifor ikkje vere tidleg ute?

Og til dei av dykk som har noko å takke for eller som skal sende ut julekort:

  • Kor mange kort treng vi?
  • Ønskjer vi ferdigskriven tekst på korta og kva skal vi isåfall skrive?

Dei bilda de ikkje bestiller veggbilde av passar det fint å ha i eit album. Vi har ulike lekre albumvariantar med passepartout og plass til alt frå 10 til 24 bilde. I tillegg har vi trykte album med eigendesigna sider, med plass til opptil 100 bilde. For brudepara våre har vi større album med god plass til fleire viktige augneblink. I tillegg har vi sjølvsagt bilda liggande trygt oppbevart her hos oss i tilfelle de skulle ville bestille meir på eit seinare tidspunkt!

Filosofien vår

"Å følgje opp kunden frå fotografering til utlevering av eit kvalitetsprodukt som skal vare i generasjonar, ser vi på som ein naturleg del av det å vere fotograf. Ja, faktisk ser vi på det som vårt samfunnsoppdrag! Vi er så brennande engasjerte i og stolte av yrket vårt, at vi bryr oss om kvart enkelt negativ i arkivet og kvar enkelt fil! Vi skal ta vare på minna for eit heilt lokalsamfunn, og det betyr på ingen måte å legge dei på minnepenn."

Heilt sidan det digitale gradvis tok over for det analoge i fotografen sin kvardag, har dette med sal av bildefiler vore noko vi som yrkesutøvarar har måtte forhalde oss til. Vi ønskjer å vere opne og ærlege om at vi ikkje sel høgoppløyselege filer, slik at vi unngår misforståingar. Er du interessert i å vite kvifor vi ikkje ønskjer tilby filpakkar og kva du får i staden for filer, må du gjerne lese vidare.

Fotograf Reiakvam har tatt eit bevisst val om å ikkje selje høgoppløyselege filer til privatpersonar, sjølv om vi er klare over at andre fotografar vel anleis. Det finnast ikkje eit enkelt svar på korleis ein fotograf skal utøve yrket sitt eller kva forretningsstrategi ein vel, og ein kvar fotograf er sjølv ansvarleg for å rekne ut kva prisar ein må ta for å kunne ha dette som yrke. Mange som sel høgoppløyselege filer har gjort desse kalkulasjonane, og har dermed tatt eit bevisst og gjennomtenkt val som vi respekterer, sjølv om vi vel ei anna løysing. Vi som driv næring er sjølvsagt avhengige av å dekke alle utgiftene vi har, slik som husleige, straum, utstyr, løn, men også skattar og avgifter. Prisen på filer må dermed kompensere for at ein ikkje har noko ettersal utover filer eller filpakkar. For mange ferske fotografar, med eller utan utdanning, har det å selje digitale filer vore ei praktisk og rimeleg løysing for å komme i gong. Det er store kostnadar involvert for å skaffe seg tilfredsstillande produksjonsutstyr. Det krevst også mykje teknisk fagkunnskap for å lage perfekte bildeprint, kanskje vel så mykje som det som er naudsynt for å fotografere. Hos oss kan du få bestilt det aller meste av bildeprodukt som er å få tak i, og vi har også gode system for at filene frå fotograferinga di er trygt oppbevarte i åra som kjem. Mange set pris på å kunne komme til oss og få hjelp til å gjere ei bestilling, slik at bilda kjem på veggen og takkekorta i posten utan at de går i eventuelle feller ved å bestille desse produkta hos ein tredjepart. Vi er opptekne av at det vi leverer er av god kvalitet, og tek alle reklamasjonar på strak arm, sjølv om det heldigvis ikkje er mange av desse i løpet av eit år.

 

Bjarne, Olav og Dagrun Reiakvam har i ei årrekke vore medlemmar i Norges Fotografforbund (NFF). I tillegg til å oppfylle krava om utdanning og/eller arbeidspraksis, har vi signert på forbundet sine etiske retningslinjer. Desse retningslinjene set krav til forretningsdrift, arkivhald og opphavsrett. Mellom anna står det at: "Jeg leverer mine tjenester og produkter til priser som er bygget på kalkyler som ikke medfører prisdumping." For å klargjere kva dette innebærer, vert det jamnleg gjennomført ei prisundersøking blant medlemmane i Norges Fotografforbund. Den skal hjelpe alt ifrå nyoppstarta fotografar til potensielle fotograferingskundar til å sjå kva eit bilde bør koste med omsyn til marknadsprisen i Norge. Undersøkinga finn du på sida til Norges Fotografforbund dersom du ønskjer å lese meir. Prisdumping og svart arbeid er ei stor utfordring også i vår bransje, og kostar fotograferinga eller filene vesentleg mindre enn det som står i prisundersøkinga, ber vi deg vurdere om dette er ein aktør de kan stå inne for å nytte dykk av tenestene til.

 

Fotograf Reiakvam ønskjer å halde fram med å kunne leve av å vere fotografar, og ser kva kostnadar og ikkje minst tidsbruk som er involvert for å kunne produsere bilde av ein tilfredsstillande kvalitet som varer. Fotograffaget er eit handverksfag, og det er difor vi får sveinebrev og ikkje fagbrev ved endt yrkesutdanning. For oss er handverket avgjerande, og vi ønskjer å kunne vere med på heile prosessen frå fotografering til ferdig bildeprodukt på veggen. Lite når opp mot følelsen av å skrive ut eit stort familieportrett, ramme det inn og seinare sjå ansiktet til ein nøgd kunde som hentar det i butikken! Vi ønskjer ikkje å møte kunden berre ein gong til fotografering, sende bilda på mail og aldri sjå vedkommande igjen. Å følgje opp kunden frå fotografering til utlevering av eit kvalitetsprodukt som skal vare i generasjonar, ser vi på som ein naturleg del av det å vere fotograf. Ja, faktisk ser vi på det som vårt samfunnsoppdrag! Vi er så brennande engasjerte i og stolte av yrket vårt, at vi bryr oss om kvart enkelt negativ i arkivet og kvar enkelt fil. Vi skal ta vare på minna for eit heilt lokalsamfunn, og det betyr på ingen måte å legge dei på minnepenn.

 

Vi ønskjer å vere opne om at vi ikkje sel høgoppløyselege filer, nettopp fordi bildekvalitet og varigheit er så viktig for oss at vi ikkje tek sjansen på å gje denne oppgåva vidare til ein tilfeldig tredjepart. Om de ønskjer filer til sosiale medier har vi forståing for at de vil vise fram dei fine bilda vi har tatt. Difor leverer vi gjerne frå oss vassmerka småbilder av dei bilda de bestiller produkt av på visning tilpassa den bruken. Ønskjer de derimot høgoppløyselege filer, er ikkje vi fotografen for deg. Vi minner likevel om at digitale filer er flyktige, og at det aller tryggaste er å få laga bilda dine på skikkeleg fotopapir, slik det har vore gjort i generasjonar.

Kontakt oss

Så kjekt at du kom innom sida vår!
Har du spørsmål til oss eller ønskjer å bestille time,

kan du gjerne legge att ei melding i skjemaet under, så svarar vi så fort vi kan.

Du kan også ta kontakt på 57 82 19 77.

Fotografiske tenester

Reiakvam Foto as

MVA 936 968 201

Din Fotograf i Førde sidan 1946

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00

Reiakvam Foto as

MVA 936968201

- Din fotograf i Førde sidan 1946

Siste nytt frå Instagram

@fotografreiakvam