menylukk

 

Barn

 

Kvar alder har sin sjarm, og sine utfordringar. Det er lett å lengte etter enklare kvardagar i framtida, men vil vi angre på at vi hadde det så travelt med å ønskje barnet eldre? Tida er her berre no. Kan eit bilde klare å stoppe den berre bittelitt?

 

Vi treff mange kjekke barn i løpet av eit år, og har god erfaring med å fotografere både blide og fornøgde 1-åringar og trassige 3-åringar. Ikkje ei fotografering er lik, og ulike barn treng ulik tilnærming for å få fram dei finaste smila deira.

 

Det dei aller fleste lurer på når dei ringjer for å bestille time hos oss er kva klede dei skal ta på den unge håpefulle. Vi anbefaler at ein helst ikkje tar med seg meir enn to skift, då klesskift ofte ikkje er det meste populære hos dei minste. Ein bør unngå overdelar med stor og dominerande skrift (logoar og liknande), men ellers er det berre å velje fritt frå klesskapet til den lille. Likar de sterke fargar, er det opp til dykk om de ønskjer å bruke det på fotograferinga! Bilde utan klede i heilfigur er det best å ta før barnet er stort nok til å stå og gå, men ein kan gjerne ta nærbilde utan klede på overkroppen når barnet blir eldre enn dette.

 

For barn i alle aldrar gjeld regelen at “barnet bestemmer!”. La barna vere barn og la dei gjerne sjå seg litt rundt i studio om dei er nysgjerrige. Spontane uttrykk for glede eller kanskje også misnøye, gjev ofte dei beste blinkskota!


1-årsfotografering

Den første bursdagen er ein merkedag for både 1-åring og foreldre. Det er også eit godt høve til å få tatt bilde av den vesle, no når barnet verkeleg har begynt å utvikle sin eigen personlegdom. Vi kallar det 1-årsfotografering, men brukar å gje råd om at bilda blir tatt når barnet kan stå sjølv og aller helst ikkje gå mange stega heilt endå. Stol på oss – det vert langt mindre travelt for oss alle!

Mange vel å ta familiebilde samtidig som dei tek til dømes 1-årsbilde av den minste, noko vi gjer meir enn gjerne. Vi ønskjer likevel å minne på at dersom 1-åringen har eldre søsken, så tok dei sannsynlegvis sine 1-årsbilde åleine og fekk fullt fokus då dette vart gjort. Minstemann fortener også å få det same fokuset, og dersom det viser seg at det vert for mykje styr med storesøsken og så vidare, bør ein helst prioritere å få tatt fine portrett av 1-åringen åleine. Skal ein ta både portrett, søsken og familiebilde er 1-åringen den einaste som skal vere med på samtlege bilde, og det blir lett litt for mykje for den vesle. Dersom den lille seier klart i frå om at “no er det nok!” kan de heller komme att og ta familiebilde ved eit anna høve.

Vi anbefaler at det er færrast mulig til stades i studioet under fotograferinga. Då vert det lettare for fotografen å oppnå god kontakt med den vesle, og det er då ein får dei beste bilda. Blir det for mange tilskodarar veit ofte ikkje barnet kven dei skal sjå på, og det vert vanskelegare for fotografen å få barnet si merksemd. Foreldre må sjølvsagt få vere med under fotograferinga, men til dømes eldre søsken som ikkje skal vere med på bilda bør helst unngå å takast med. De kjenner dykkar eigne barn best og det er sjølvsagt aldersavhengig kor mykje merksemd eit storesøsken krev.

 

Større barn

Mange går til fotograf med barna sine når dei er 1 år, og så kjem dei ikkje att før barnet er blitt tenåring og konfirmant. Det er ikkje like mange merkedagane i åra mellom dette, og å gå til fotografen vert for gløymt i ein travel kvardag. Kva med å ta med seg barna til skulestartsfotografering når det er 6 år? Eller mista-ei-framtann-fotografering? Vi vil gjerne ha fleire barn i alderen 3-12 år i studio! Etter kvart som barna vert eldre utviklar dei ein sterkare personlegdom, og det kan vere kjekt å ta med seg noko av dette til fotograferinga. Kanskje har 5-åringen ein leiketraktor han elskar, eller kanskje er det kjekkaste 8-åringen veit å bygge lego? Fotograferinga blir ofte kjekkare for barnet dersom det føler at det kan vere med å bestemme litt sjølv.

Pris frå 1795,-

Kontakt oss

Så kjekt at du kom innom sida vår!
Har du spørsmål til oss eller ønskjer å bestille time kan du gjerne sende oss ein e-post på foto@reiakvam.no, så svarar vi så fort vi kan.

Du kan også ta kontakt på 57 82 19 77, så set vi opp ein time med det same!

 

Fotografiske tenester

Reiakvam Foto as

MVA 936 968 201

Din Fotograf i Førde sidan 1946

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00

For endra opningstider ved høgtider:
sjå Google eller Facebook-sida vår.

Siste nytt frå Instagram

@fotografreiakvam

Reiakvam Foto as

https://www.reiakvam.no/ - MVA 936968201

- Din fotograf i Førde sidan 1946