menylukk

 

Baby

 

Ikkje nyfødt lenger, men heller ikkje eit barn. Babyar på rundt 6 månader er stort sett blide og gode berre dei basale behova er dekka, og det er ei perfekt tid å ta bilde no når smila vanlegvis sit laust.

Å, dei er så søte desse minste, og vi er så heldige å få møte mange av dei i løpet av eit fotograferingsår! Om ein ønskjer å få fotografert barnet sitt medan det framleis er baby, anbefaler vi at de kjem til oss når barnet er om lag 6 månader. Då er dei sannsynlegvis sterke nok til å ligge på magen og halde hovudet sitt sjølv, noko som gjer at vi får langt større variasjon i bilda enn dersom dei enno ikkje er så sterke. Det er også i denne alderen det passar best å ta bilde av barnet utan klede på dersom de skulle ønskje det. I 6-månadersalderen tek mange babyar seg gjerne i føtene, andre rullar frå rygg til mage. Dei fleste synast "titt-tei" er ustyrteleg morosamt, og det er sjeldan ein ikkje får lokka fram eit smil. Det er på mange måtar den ideelle alderen å fotografere babyen din.

 

Babyar på om lag eit halvt år er stort sett blide og fornøgde så lenge dei har sove og er mette og gode. Humøret kan likevel skifte fort, så av og til må ein vere effektiv så lenge barnet er i godt slag. Vi anbefaler at de heller ikkje planlegg altfor mange klesskift, ettersom dette kan vere stressande for den vesle. Dei likar generelt sett ikkje så godt å bli av- og påkledde, så det held ofte med eit klesskift i tillegg til bilde utan klede.

Pris frå 1795,-

Babypakke

6 mnd. (miniserie) + 1-årsfotografering: 1.795,-

Fotograf Reiakvam har i mange år tilbydd ein babyfotograferingspakke. Denne går ut på at de får ein miniserie når den vesle er 6 månader, imot at ein binder seg til ei ordinær barnefotografering når barnet er om lag eit år. Betaling av babypakken gjer de ved første fotografering, og de bestiller sjølve ny time når barnet er 1-1,5 år. Om de ønskjer det, kan de gjerne kombinere eitårsfotograferinga med søsken- eller familiebilde mot eit tillegg (sjå prislista for oppdaterte prisar).

 

Det er sjølvsagt også mulig å ta ein heil serie av babyen dersom de ikkje ønskjer å ta eittårsbilde, og denne blir då prisa som ei ordinær barnefotografering.

Kontakt oss

Så kjekt at du kom innom sida vår!
Har du spørsmål til oss eller ønskjer å bestille time kan du gjerne sende oss ein e-post på foto@reiakvam.no, så svarar vi så fort vi kan.

Du kan også ta kontakt på 57 82 19 77, så set vi opp ein time med det same!

 

Fotografiske tenester

Reiakvam Foto as

MVA 936 968 201

Din Fotograf i Førde sidan 1946

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00

For endra opningstider ved høgtider:
sjå Google eller Facebook-sida vår.

Siste nytt frå Instagram

@fotografreiakvam

Reiakvam Foto as

https://www.reiakvam.no/ - MVA 936968201

- Din fotograf i Førde sidan 1946