Årets julekortdesign 2017

Jula kjem like brått kvart år, og trass i at vi ikkje heilt likar å vere dei som er først ute med å rope at julehandelen er i gong, minnar vi om at det tek litt meir tid å produsere bilde for hand enn det gjer å selje ei ferdiglaga gåve i butikken. Først skal vi ha ein time i studio, så skal de velje ut kva de vil bestille på ein visningstime, og sist men ikkje minst skal vi produsere julegåver som om vi var reine julenisseverkstaden! Det er like utruleg kvart år, men vi kjem alltid i mål med det vi skal i tide.

Nokon av dykk har kanskje fått med seg at vi har gjort ei stor investering her på Reiakvam Foto i haust. Vi har kjøpt oss ein flunkande ny fotoprinter som mellom anna kan lage dobbeltsidige kort i fotokvalitet. Denne har stått på ønskjelista vår i mange år, og vi er kjempeglade for å endeleg ha den i hus. I år har vi difor brukt tid på å plukke ut ein ny kolleksjon julekort eksklusivt til fagkundane våre, og vi håpar de er like begeistra for den som vi er! Vi har laga oss nokre prøvar, og er strålande fornøgde med kvaliteten. I presentasjonen under kan de sjå fleire døme på ulike design og utformingar. Sjølv om vi gjerne vil vise fram dei dobbeltsidige korta våre, produserer vi sjølvsagt framleis enkle fotokort i 15×15 cm med kvit bakside, eller 10×13 bilde som skal i mappe med passepartout. I november har vi 20% rabatt på julekort frå fotografbilde, så det kan vere lurt å ta kontakt med oss om de allerede har vore hos oss i år, men ikkje har bestilt julekort. Og har de enno ikkje vore på fotografering rådar vi dykk til å bestille time snarast.

– Dagrun

 

 

 

Til toppen av sida|Del dette innlegget på Facebook|Del dette innlegget på epost|Få nye innlegg på epost
K o n t a k t i n f o