Gardsbryllaup

Sommaren er på hell og vi har enno nokre brudepar som ikkje har komt seg på bloggen. Vi veit at mange ventar spent på ein første kik på brudebilda sine, og vi gjer vårt aller beste for å få lagt ut eit utval som vener og kjende også kan få sjå. Eg må nesten hive meg i gong med blogginga om eg skal klare å få dei ut før det plutseleg er advent!

Kristin og Hayden gifte seg i Ålhus kyrkje 9. august, og det kom gjestar frå både fjern og nær. Bruda er så heldig å ha eit festlokale i familien, så feiringa stod på heimegarden i Støfringsdalen. Fotograferinga la vi til same staden, og eg fekk ein sniktitt på kva gjestane hadde i vente. Alt såg ut til å vere duka og klart for ein fantastisk bryllaupsfest! Været var upåklageleg, iallefall på føremiddagen, og det er jo det som tel når det er då eg kjem til gards.. Brudeparet var herleg avslappa trass i at dei enno ikkje hadde vore i kyrkja, men det kan vere nervene meldte sin ankomst når kyrkjeklokkene begynte å slå. Så avslappa var dei at dei rett og slett tok ein selfie medan eg fotograferte, men den vart nok neppe publisert før vigsla var vel overstått og alle hadde fått sett dagens outfit!

Gratulerer med overstått bryllaupsdag og takk for oppdraget!

Beste helsing
Dagrun

 

Til toppen av sida
Del dette innlegget på FacebookDel dette innlegget på epostFå nye innlegg på epost

Ein ny union

Det fine vêret varte lenge, og det passar spesielt godt når ein skal vise fram heimbygda og heimlandet sitt til internasjonale bryllaupsgjestar. Nina og Ejnar vart vigde i nydelege Hestad kapell 19. juli, og dei danske gjestane lot seg nok trollbinde av Viksdalen i solskin og nærare 30 varmegradar. Festen stod i Movika, og det må ha vore ein fantastisk dag på Sunnfjord Museum. Eg har vore gjest i bryllaup der sjølv, men aldri i liknande vêr! Sjølv let eg meg framleis imponere over kor vakkert det er i Sunnfjord, trass i at eg er her så godt som kvar dag.

Dei offisielle bilda av det fine brudeparet tok vi i området rundt kapellet. Knallsol byr på utfordringar, men heldigvis dukka det opp ei sky eller to inni mellom som vi kunne utnytte. Det var også store og vakre tre langs stranda som gav både skugge og ei vakker ramme rundt brudeparet. Og medan dei fleste syns det er nok med ein stor bryllaupsfest, skal Nina og Ejnar feire på nytt også no i helga. I morgon er det duka for fest nr. 2; denne gongen i Danmark. Så får vi håpe Danmark også viser seg frå si beste side, slik Noreg verkeleg gjorde laurdag for to veker sidan.

Takk for oppdraget og lukke til med festen i morgon!

Beste helsing
Dagrun

Til toppen av sida
Del dette innlegget på FacebookDel dette innlegget på epostFå nye innlegg på epost

Draumesommar

Alle brudepara vi har hatt til no i år har vore kjempeheldige med vêret. Det har vi vel forsåvidt alle saman, og eg kan knapt minnast ein liknande sommar. Sol frå skyfri himmel er kanskje ønskedraumen for dei fleste brudepar, men som fotograf byr det på nokre utfordringar. Heldigvis vert ein betre og betre til å takle desse, noko som har kome godt med denne sommaren.

Ingrid og Ove var heldige med vêret dei også. Fin temperatur, nokre lette skyer og eit par regndråpar for hell og lykke. Bryllaupet stod på Ålhus, og fotograferinga vart lagt til området rundt Eikåsgalleriet timane før dei skulle i kyrkja. Både Ingrid og Ove virka avslappa og rolege trass i at dei var inne i sine siste timar som ugifte. Det er ikkje til å stikke under ein stol at det er både følelsar og nervar i sving på ein slik dag, iallfall om ein får for mykje dødtid. Difor såg eg på det som mitt ansvar å halde brudeparet opptekne heilt fram til dei skulle sette seg i bilen og køyre dei få hundre meterane opp til Ålhus kyrkje. Det var på ingen måte noko stor utfordring å fotografere i  ein god time, for brudeparet var vakkert, stemninga var god og Jølster viste seg frå si beste side. Inspirerande!

Det vert dessverre litt lenge mellom blogg-innlegga mine for tida. Som mange kanskje veit er eg heime i mammaperm med vesle Agnes, men eg jobbar 20% på Reiakvam Foto. Den eine dagen i veka eg skal jobbe er det i all hovudsak fotografering og noko etterarbeid eg held på med, så tida strekk dessverre ikkje alltid til. Det må prioriterast og då kjem nok bloggen litt ned på lista. Eg håpar å få lagt ut fleire bilde med tida, ettersom eg framleis lever i den illusjonen at eg får meir tid etter kvart som Agnes veks…

Beste helsing

Dagrun

 

 

 

Til toppen av sida
Del dette innlegget på FacebookDel dette innlegget på epostFå nye innlegg på epost

Konfirmantsesong og andre sesongar

Frå mai og utover er det tid for konfirmantar og brudepar her hos Reiakvam Foto. Dette kjem i tillegg til dei kjekke familie- og barnefotograferingane vi har, og det er hyggeleg at mange tek turen innom oss på denne tida. Eg er no tilbake i jobb ein dag i veka, så det er mulig å bestille fotografering med meg dersom de er litt fleksible. Med ei lita jente på 2,5 mnd på slep er det ikkje alltid så godt å planlegge langt fram i tid, så timar med meg blir sett opp nokre veker om gongen. Har de spesielle ønskjer om tid er det berre å ta kontakt, så skal de ikkje sjå vekk ifrå at det let seg gjere. Vi har også ledig kapasitet til brudepar nokre laurdagar i sommar. Ta kontakt snarast om de enno ikkje har bestilt bryllaupsfotograf! Elles er det sjølvsagt mulig å bestille fotografering med Olav i tida framover. Timar til fotografering bestiller de enklast på telefon 57 82 19 77 eller de kan bruke kontaktskjemaet de finn under “kontakt oss” i menyen over.

Beste helsing

Dagrun

 

Til toppen av sida
Del dette innlegget på FacebookDel dette innlegget på epostFå nye innlegg på epost

Nokre små justeringar..

Frå og med denne veka er eg gått ut i fødselspermisjon. Medan eg er vekke held Aina, Olav og vår nye vikar Kristin fortet, og eg er ikkje det minste i tvil om at dei klarar seg utmerka utan meg!

Kristin kjenner de kanskje frå vår tidlegare nabobutikk Flaten Boutique, og ho er allerede godt i gong med å sette seg inn i dei tusen tinga vi styrer med her på bruket. Mellom anna har ho tatt over ein del av Aina sine oppgåver, ettersom Aina har gleda av å ta seg av store delar av mine. Aina og Olav har full kontroll på alt av fotograferingar, visningar og etterbestillingar, så ting går meir eller mindre som dei brukar å gjere medan eg er vekke. Olav er tilgjengeleg for fotooppdrag i heile perioden, og Aina held visningar i etterkant av timane. Eg vil vere tilgjengeleg for fotograferingar utvalde dagar frå begynnelsen av juni eller deromkring, men dette er sjølvsagt avhengig av kor tid minien blir født, mor sin tilstand og ikkje minst kva personlegdom dette lille mennesket viser seg å ha. Vi kjem tilbake med nærare datoar så snart vi har desse klare. Når det gjeld bryllaupsfotograferingar er vi som vanleg to fotografar tilgjengelege dei fleste laurdagane i sommar, men eg vil ikkje komme til å ta på meg meir enn eit brudepar for kvar laurdag. Nokre dagar er med andre ord allerede fulle for min del, så vi anbefalar at de tek kontakt om de framleis ikkje har bestilt fotograf til den store dagen.

På laurdag som var fekk komande Besten Olav omsider tatt gravidbilde av meg, så no kan babyen berre komme! Eg seier takk for meg for nokre månader og håpar å sjå att store og små til sommaren!

Beste helsing
Dagrun

Til toppen av sida
Del dette innlegget på FacebookDel dette innlegget på epostFå nye innlegg på epost
K o n t a k t i n f o