menylukk

 

Konfirmant

 

Det er ei stund sidan eittårs-fotograferinga, så kanskje konfirmasjonen er eit godt høve til å ta nye portrett av den unge håpefulle? Sleng med nokre kvardagsklede i tillegg til finstasen, så får vi nokre bilde av korleis ungdommen eigentleg er!

I løpet av eit år treff vi mange kjekke konfirmantar. Sjølv om det nok er høgsesong for denne typen fotografering i mai-juni, opplever vi at det er mange jenter og gutar som kjem også andre tider på året. Vi fotograferer gjerne i studio om været ikkje er med oss, men anbefalar at vi tek ein tur ut i nærområdet vårt, ettersom det ofte er lettare for konfirmanten å slappe av når ein tek bilda utandørs.

 

Trass i at det nok er vanlegast å fotografere ungdommen i bunaden, kjolen eller dressen dei vart konfirmert i, er det også mange som vel å ta med seg eit kvardagsantrekk i tillegg. Finstasen er kjekt å få foreviga, men det er nok i kvardagsklede dei aller fleste kjenner seg mest som seg sjølve. Andre tek også med seg noko som representerer konfirmanten sine fritidsinteresser. Sykkel, volleyball, toradar, motorsag – dette er berre noko av det konfirmantane våre har hatt med seg i studio! Her er det berre fantasien som set grenser, og vi opplever at konfirmantane sjølv syns det er stas å kunne setje sitt personlege preg på fotograferinga.

 

For dei som ønskjer å ta bilde også ute, har vi fine område i nærleiken der vi kan fotografere. Vi kan også fotografere andre stadar enn i Førde sentrum etter avtale. Slik kan de også få fotografert konfirmanten på hesteryggen dersom det er det som er konfirmanten sitt høgaste ønskje.

Pris frå 1795,-

Kontakt oss

Så kjekt at du kom innom sida vår!
Har du spørsmål til oss eller ønskjer å bestille time kan du gjerne sende oss ein e-post på foto@reiakvam.no, så svarar vi så fort vi kan.

Du kan også ta kontakt på 57 82 19 77, så set vi opp ein time med det same!

 

Fotografiske tenester