Visningar

De har fått samla heile familien og gått til fotografen, noko som var jobb nok i seg sjølv, men kva skjer så vidare?

Rett etter fotograferinga set vi opp ein visningstime med dykk der vi i fellesskap ser igjennom dei beste bilda frå fotograferinga dykkar. På visninga vel de ut kva de vil ha av album, bilde og rammer, og vi gjev dykk kyndige råd i forhold til størrelsar, overflatebehandlingar, innrammingar og anna de måtte lure på. Bilda viser vi på ein stor skjerm med bakprojeksjon i tilnærma riktig størrelse. Vi har også muligheit til å vise dykk bilda i svart kvitt om de ønskjer det.

Nokre dagar før visninga får de tilgong til eit passordbeskytta album der de kan logge inn og sjå dei beste bilda frå fotograferinga dykkar i ro og mak. Vi anbefalar at de tek dykk tid til å sjå på bilda og til å diskutere kva de ønskjer å bestille på timen. Ting de bør ha tenkt igjennom er:

  • Kva forstørring ønskjer vi oss egentlig? Eit stort veggbilde? Fleire store? Collage? Rekkeramme? Småbilder? Vi kjem gjerne med tips og råd!
  • Kvar skal bilda henge og kva storleik passar hos oss? Ta gjerne mål av staden der de ser føre dykk å henge bilde eller bilda. Om de tek eit bilde av veggen i tillegg veit vi endå bedre kva som kan passe hos dykk.
  • Kva ramme kan passe inn i heimen vår? Brei, smal, lys, mørk, enkel, ornamentert? Det finns også alternativ utan ramme, enten enkle bilde eller bildemodular. Vi gjev gjerne råd utifrå kva som passar til bilde eller bilda de vel ut. På visningsrommet vårt har vi eit variert utval kvalitetsrammer som vi spesialbestiller til dine bilde etter mål. Sidan bilda blir vist i rett storleik med prosjektor, kan vi demonstrere korleis dei ulike rammene ser ut til dykkar bilde.
  • Skal vi ha bilde i farge eller svart-kvitt? Når ein tek vekk fargane i bilda vert dei ofte rolegare, og formene kjem betre fram. Det kan også vere ei løysing om ein ønskjer å bruke fleire bilde i modular, sjølv om det er ulik bakgrunn på dei.
  • Vil vi gje vekk bilde til andre? Kva størrelse har isåfall mottakaren frå før? Og kva for slags ramme? Jula kjem like plutseleg kvart år, så kvifor ikkje vere tidleg ute?

Og til dei av dykk som har noko å takke for eller som skal sende ut julekort:

  • Kor mange kort treng vi?
  • Ønskjer vi tekst på korta og kva skal vi isåfall skrive?

Dei bilda de ikkje bestiller veggbilde av passar det fint å ha i eit album. Vi har ulike lekre albumvariantar med passepartout og plass til alt frå 10 til 24 bilde. I tillegg har vi trykte album med eigendesigna sider. For brudepara våre har vi større album med god plass til fleire viktige augneblink. I tillegg har vi sjølvsagt bilda liggande trygt oppbevart her hos oss i tilfelle de skulle ville bestille meir på eit seinare tidspunkt!

Ved bestilling på visning mottek de 15% rabatt på album, forstørringar, rammer, lerret og bildeplater. Desse rabattane mottek ein berre på visningstimen, og bilde bestilt utanom ordinær visning blir dermed til fullpris (prisane våre finn de på denne sida.) Det er difor viktig at de kjem godt førebudde til visningstimen.

 

 

Velkommen til visning!

 

 

* For dei som eventuelt ikkje har høve til å stille på visningstime, lastar vi gjerne opp bilde i ei passordbeskytta nettløysing. Her mottek de rabattane dykkar ved å sende inn ei felles førstegongsbestilling.

Til toppen av sida|Del dette innlegget på Facebook|Del dette innlegget på epost|Få nye innlegg på epost
K o n t a k t i n f o