I tillegg til å drive fotostudio i Førde, er Reiakvam Foto den største og eldste fotoforretninga i Sogn og Fjordane. Vi har vore opptekne av å kunne tilby kundane våre gode produkt ved hjelp av å følgje nøye med i utviklinga, spesielt på utstyrsfronten. Reiakvam Foto i Førde er medlem av kjeden Elite Foto.
Vi driv produksjon av digitale bilete ved hjelp av eit program utvikla av Netlife AS i samarbeid med Reiakvam Foto og Elite Foto. Du kan bestille kopiar av eigne bilete på www.elitefoto.no. Der kan du velje om du vil hente dei digitale bileta dine hos Reiakvam Foto i Førde, eller om du vil ha bileta tilsendt. I tillegg til å produsere digitalbilete for amatørmarknaden, kan vi lage ulike fotogåver som koppar, puslespel, t-skjorter, sparebøsser, takkekort, innbydingar og så vidare. Bestilling av desse tenestene finn du også på www.elitefoto.no
Reiakvam Foto har også eit stort av fotoalbum og rammer. Vi er opptekne av å følgje dei siste trendane innan rammer, men vi vil også ha eit lager av meir nøytrale rammer som folk samlar på. Rammer har vi både på list til innramming av bilete med ukurrante mål, og vi har dei mest vanlege storleikane i ferdigrammer. Fotoalbum har vi både med kartongsider og med plastlommar. Her skal det vere noko for alle behov!
Forretninga Reiakvam Foto fører digitale kamera og utstyr. Du kan sjå ein del av utvalet vårt på www.elitefoto.no, men vi kan også bestille inn digitalkamera og utstyr som ikkje vert promotert i reklameavisene til kjeda. Ta kontakt om du treng råd eller er på utkikk etter noko spesielt!
Fotohandelen Reiakvam Foto er medlem av Elite Foto kjeden. Sida deira finn du på http://www.elitefoto.no.