Reiakvam Foto vart starta rett etter 2. verdenskrig og har sidan 1949 halde til i Hafstadvegen 15. Dagfinn Reiakvam (1917-1983) arbeidde som fotograf frå før den 2. verdskrigen og fram til han døydde.
Samstundes som han hadde fotoforretning i Førde, reiste han også mykje rundt i Sogn og Fjordane og fotograferte. Han etterlet seg eit variert arkiv med bilete av landskap, portrett og brudebilete - bilete som no er av høg historisk verdi.
I arkivet er også bilete av nyare dato. Desse er tekne av sønene Olav Reiakvam og Bjarne Reiakvam som tok over Reiakvam Foto etter far sin. Dei starta å fotografere rundt 1970.
Bilete frå arkivet kan framleis finnast fram og lagast nye kopiar av. Ta kontakt med Reiakvam Foto.