Bryllaupsfotografering

bryllaupsfotografering Når ein planlegg eit bryllaup er det mykje som skal klaffe og det kan vere vanskeleg å få tid til alt ein skal få gjort i løpet av den store dagen. Det er difor mange som lurer på om vi har høve til å ta bryllupsfotografering andre stader i Sogn og Fjordane enn i vårt studio i Førde.

Om timeplanen vår tillet det har vi dobbelt opp av digitalt blitz- og kamerautstyr og vi er to fotografar tilsett, noko som gjer at vi kan dekke fleire oppdrag samstundes. Når du tek kontakt med Fotograf Reiakvam kan vi sjå nærare på kva vi har av bestillingar og gje deg tilbakemelding på om vi har høve til å komme til deg og fotografere, sjølvsagt imot ei reisegodtgjersle.

Vi tilrår at dersom Fotograf Reiakvam kjem til dykk for å ta brudebilete, bør de ein ha ein reserveplan i tilfelle været ikkje tillet utandørsfotografering. Dette kan vere til dømes ein gymsal med god høgde under taket slik at vi kan henge opp ein bakgrunn der.

bryllaupsfotograferingHelst fotograferer vi i studioet vårt i Førde ettersom dette er mest effektivt og vi har høve til å hjelpe så mange som mogeleg med å ta brudebilete for dei. Om været vert ei utfordring, er det ein ekstra tryggleik for brudeparet å vite at sjølv om dei helst ønskjer utandørs-fotografering, er studioet vårt i Førde reservert til dei.

Å bestille fotografering på studioet vårt i Førde, utelukkar heller ikkje at ein kan ta ein tur ut og ta nokre brudebilete utandørs i nærmiljøet.   Sommarhalvåret er høgsesong for bryllaupsfotografering i Førde som andre stader i landet. Dette gjeld spesielt dei laurdagane Fjordane Tingrett arrangerer bryllaup. Sidan nokre laurdagar viser seg å vere meir populære enn andre oppfordrar vi difor alle til å vere tidleg ute med timebestilling for å vere sikker på at de får reservert time til bryllaupsfotografering hos Fotograf Reiakvam i Førde.

Medlem av