Barnebilete - Babybilete - Familiebilete - Konfirmasjonsbilete

Familiebilete - barnebilete Dei som ønskjer å ta babybilete, barnebilete, familiebilete, konfirmasjonsbilete eller eit vanleg portrettfoto hos Fotograf Reiakvam i Førde har også ofte spørsmål om korleis dei skal få best mogeleg resultat av fotograferinga.

Når det gjeld babyfotografering og fotografering av små barn er det viktigaste at fotograferinga er lagt til ei tid då barnet har sove, er utkvilt og i godt humør. Med små barn veit vi at det kan vere vanskeleg å følgje ein eksakt timeplan. Dersom ein ser at barnet framleis søv, er det ofte best at ein tek ein telefon til Fotograf Reiakvam slik at vi kan sjå om vi kan utsette fotograferinga ein halv time. Å utsette timen noko gjer vanlegvis at fotograferinga går lettare og resultatet blir mykje betre enn om barnet blir vekt og stiller søvnig og ubekvemt til fotograferinga.

Når det gjeld kva klede folk flest bruker å kle på barna sine når dei kjem til fotografering hos Fotograf Reiakvam, varierer dette stort. Nokre vel å la barna gå i kvardagsklede eller berre i bleie, medan andre igjen ikler dei dei pene kleda dei hadde på seg i jula. Dette er opp til deg som forelder, men vi anbefaler nok at ein ikkje planlegg meir enn eit par skift slik at barnet ikkje vert for stressa og forstyrra under fotograferinga.

konfirmantbileteFor andre fotograferingar som familiebilete og andre mindre gruppefoto, tilrår Fotograf Reiakvam at de vel ut 2-3 fargar som dei som skal fotograferast kan velje mellom. Dersom ein vel til dømes, kvit, svart og dongeri, gjer det at bilete vert meir heilskapleg og mindre rotete enn dersom alle går med ulike fargar og mønster.

Kva bakgrunn vi brukar tek vi opp med deg som skal fotograferast når de kjem til vårt studio i Førde. For tida er det mest vanleg med nøytrale bakgrunnar som grå, svart, kvit og brun. Kva bakgrunn vi skal bruke er du ikkje nøydd til å bestemme deg for før du møter opp til fotografering i studioet, men dersom du allereie veit kva du ønskjer kan du gje oss beskjed om dette på førehand. Du kan gjerne sjå på bakgrunnar her på heimesida vår slik at du veit kva vi har å velje mellom.

Medlem av