Bur du i Sogn og Fjordane og treng ein erfaren fotograf, kan Fotograf Reiakvam i Førde-området hjelpe deg.
Olav Reiakvam har lang erfaring som fotograf i Sogn og Fjordane. Med utdanning frå London og digitalt utstyr av høg kvalitet kan Fotograf Reiakvam i Førde tilby å fotografere mellom anna portrettfoto, familiebilete, bryllaupsbilete, reklamefoto, gruppebilete, barnebilete og avfotografering av kunst.
Fotograf Reiakvam har heldt til i Førde sidan det vart grunnlagd av Dagfinn Reiakvam (1917-1983). Han reiste mykje omkring som fotograf i Sogn og Fjordane der han tok brudebilete, portrett og landskapsbilete. Desse bileta har i dag høg historisk verdi som dokumentasjon av Førde og Sogn og Fjordane.
Dei siste åra har tredje generasjon Fotograf Reiakvam kome til og tatt opp arven som fotograf i Førde, Sogn og Fjordane. Dagrun Reiakvam er utdanna ved Kent Institute of Art and Design, England og har bachelor i spesialisert kunst med hovudvekt på fotografi frå Kunsthøgskulen i Bergen. Du kan sjå bileta hennar på www.dagrunreiakvam.no - fotografi.
Skulle du trenge fotograf i Førde og Sogn og Fjordane er du velkommen til å ta kontakt med Fotograf Reiakvam.
Olav Reiakvam fotograferer portrett, brudepar, reklame, produkt, kunst og meir i Førde, Sogn og Fjordane. Ta gjerne kontakt for tinging av fotografering eller om du har spørsmål.