Fotografane Reiakvam

Det er to fotografar tilsette på Reiakvam Foto. Olav Reiakvam har lang erfaring som fotograf i Førde. Han vart utdanna ved Harrow School of Photography i London i åra 1968-1972. Etter dette var han tilsett som fotograf i mannskapsavisa i Flyforsvaret, før han vende tilbake til Reiakvam Foto for å arbeide saman med far sin. Der tok han seinare Sveineprøva og han har også tatt Meisterbrevet og kan med dette kalle seg Meisterfotograf.

Dotter til Olav, Dagrun Reiakvam, er utdanna ved Kent Institute of Art and Design og har bachelor i kusthistorie frå Universitet i Bergen i tillegg til ein bachelor i spesialisert kunst med hovudvekt på fotografi frå Kunsthøgskulen i Bergen. Ho vende etter studiane tilbake til Førde og Reiakvam Foto hausten 2008. Sveineprøva tok ho i juni 2013, og er dermed tredje generasjon Reiakvam som har Sveinebrevet.

Både Olav og Dagrun er stolte medlemmar av Norges Fotografforbund (NFF).

Olav og Dagrun deler på oppdraga og tek mellom anna portrettfoto, familiebilete, bryllaupsbilete, reklamefoto, gruppebilete, barnebilete og avfotografering av kunst.

Dagrun har motteke 2 heiderlege omtalar (2010 og 2016) for bilda sine i Landskonkurransen arrangert av Norges Fotografforbund.

Til toppen av sida|Del dette innlegget på Facebook|Del dette innlegget på epost|Få nye innlegg på epost
K o n t a k t i n f o