menylukk

Bestilling av konfirmantgruppe 2024

Slik bestiller du:
- Finn riktig gruppe i oversikta under og bestill ved å klikke på "Add to cart" (sjekk at tidspunktet stemmer!).
- Fyll inn info og betal med Vipps.

- Bilda er 20x25 cm med tekstfelt under tilsvarande illustrasjonsbilda.
- Produksjonstid 14 arbeidsdagar frå konfirmasjonsdagen. De vil få beskjed når bilda er klare.

- Kyrkjelege konfirmasjonar må hentast hos Reiakvam Foto/Elite Foto Førde i Hafstadvegen 15

- Humanistisk konfirmasjon vert tilsendt og porto er difor inkludert i prisen.

Vi gjer merksam på at det oftast er to konfirmasjonar same dagen i Førde kyrkje. I Naustdal kyrkje er det to konfirmasjonsgudstenester i 2023, men vi tek bilde av alle konfirmantane samla. Naustdal, Haukedalen, Viksdalen, Bygstad og Sande kyrkje har tradisjon for å bli fotografert både med og utan kappe. I Førde vert det kun tatt bilde med kapper på. Bilda vil bli med tilsvarande oppsett som i døme, men då med riktig dato. Humanistisk konfirmasjon har også navn på konfirmantane under, og begge gruppene er fotograferte saman. Illustrasjonsbildene er anonymiserte for nettbruk. Gruppebilda vil dessverre ikkje vere tilgjengelege til gjennomsyn digitalt pga personvernomsyn. Vi gjer vårt ytste for å velje og komponere eit godt gruppebilde der alle konfirmantane skal kunne kjenne seg att. Gruppebilda blir tatt etter avtale med kyrkja/Humanetisk forbund. I butikken vår har vi stort utval av rammer til gruppebilda.

Fotografering på konfirmasjonsdagen

få tatt bilda når de likevel er i finstasen!

Sidan konfirmanten og familien uansett er i finstasen på konfirmasjonsdagen, kan det vere eit godt tidspunkt å få tatt portrett og eventuelt også gruppebilde. Desse timane vert ofte bestilte lang tid i førevegen, men vi har framleis ledig på fleire av konfirmasjonsdagane.

Sjekk om vi har ledig på datoen dykkar:

Portrettbilde av konfirmanten

bilde både dei vaksne og konfirmanten er fornøgde med

Etter at den store dagen er vel overstått passar det fint å få tatt portrettbilde av konfirmanten. Vi tek bilde i studio og gjerne utandørs. Konfirmasjon er også eit godt høve til å få tatt bilde av familien eller søskenflokken. Spelar konfirmanten volleyball, eller kanskje gitar? Ta gjerne med kvardagsklede og effektar som fortel noko om konfirmanten!

Timebestilling:

Fotografen vår Dagrun Reiakvam

3 generasjonar fotografar i Førde sidan 1946

Eg har jobba som fotograf hos Reiakvam Foto sidan 2008, og har etter kvart lang erfaring med fotografering av store og små. Bildestilen min er klassisk moderne, og eg ønskjer at bilda skal vere tidlause slik at dei kan glede i mange år framover. Noko av det beste med jobben min er å bli litt kjent med menneska eg har framfor kameraet, om det er små barn eller ungdom på veg ut i vaksenlivet.

 

Fotografiske tenester

Kontakt oss

Så kjekt at du kom innom sida vår!
Har du spørsmål til oss eller ønskjer å bestille time kan du gjerne sende oss ein e-post på foto@reiakvam.no, så svarar vi så fort vi kan.

Du kan også ta kontakt på 57 82 19 77, så set vi opp ein time med det same!

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00

For endra opningstider ved høgtider:
sjå Google eller Facebook-sida vår.

Siste nytt frå Instagram

@fotografreiakvam

Reiakvam Foto as

https://www.reiakvam.no/ - MVA 936968201

- Din fotograf i Førde sidan 1946

Reiakvam Foto as

Hafstadvegen 15, 6800 Førde - MVA 936 968 201

Din Fotograf i Førde sidan 1946

Ordinære opningstider:
Kvardagar 09:00-16:30

Torsdagar 09:00-18:00

Laurdagar 10:00-14:00