Retusj og bildebehandling

Eit familiebilde kan bli til…

Reiakvam Foto har lang erfaring og høg kompetanse med restaurering av gamle eller øydelagde bilde.Tidlegare gjekk dette arbeidet føre seg for hand, men i dag vert all retusjering og restaurering gjort digitalt. Dette gjer at vi har fått fleire moglegheiter og at sluttresultatet i dag vert endå betre.

Det er ikkje berre gamle bilde som kan trenge retusjering. Reiakvam Foto retusjerer også vekk til dømes skjemmande element som datoar i hjørnet eller ei malplassert flaggstong. I tillegg kan fjerning av raude auge, lysning av skuggar i ansikt og liknande gje bilde ditt eit kvalitetsløft. Vi kan hjelpe deg med det meste!

Det kan vere vanskeleg å fastsetje kor lang tid vi vil bruke på bildebehandlinga, sidan vi av og til støyter på uventa utfordringar i arbeidet. Om du tek bilde ditt med deg til oss kan vi likevel gje deg eit prisoverslag som vi vil halde oss innanfor. Når jobben med bildebehandling først er gjort, vert bilde lagra her hos oss slik at du skal kunne komme tilbake og bestille fleire kopiar om du måtte ønskje det.

…og eit portrett av ein av gutane.

 

eit portrett av mor og far..

Til toppen av sida|Del dette innlegget på Facebook|Del dette innlegget på epost|Få nye innlegg på epost
K o n t a k t i n f o