Bildeprodukt

fotograf reiakvam modul

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

.

I etterkant av ei fotografering avtalar vi tid til ein visningstime der de får god hjelp til å velje ut kva bildeprodukt de ønskjer frå fotograferinga dykkar. Meir informasjon om sjølve visningstimane finn de på denne sida. Det er så mange nydelege, tøffe, søte, vakre, elegante og lekre bildeprodukt på marknaden for tida, og vi skjønar godt at det kan vere vanskeleg for den enkelte fotograferingskunde å setje seg inn i alle dei ulike alternativa som fins. Vi vel alltid ut dei produkta vi trur passar best til våre kundar, men er samstundes godt oppdaterte på kva anna som eksisterer dersom det er nokon som skulle ha spesielle ønskjer.

For oss er sluttproduktet vi leverer utruleg viktig. Vi er difor opptatte av å ta vare på deg som kunde frå du kjem til fotograferinga og til du går ut døra med dei ferdige innramma forstørringane dine. Vi sel difor ikkje filer frå fotograferinga, ettersom vi ønskjer å kunne kvalitetssikre sluttproduktet. Dei aller fleste av våre bilde er produserte hos oss på Reiakvam Foto, og vi stiller strenge krav til kva som vert levert. Hugs at alle fotografbilde er beskytta gjennom Åndsverkslova og at kopiretten tilhøyrer fotografen. Meir informasjon om Åndsverkslova finn du her.

 

Nokre av dei flotte bildeprodukta våre kan du sjå i galleriet under. Dette er sjølvsagt berre ein liten del av det vi kan tilby, men er meint for å gje deg ein liten smakebit på kva du kan ønskje deg!

 

Til toppen av sida|Del dette innlegget på Facebook|Del dette innlegget på epost|Få nye innlegg på epost
K o n t a k t i n f o