Rammer

fotograf reiakvam rammer instaRammer i alle prisklassar opptek størstedelen av butikken vår. Vi har i tillegg meter på meter med rammelist til innramming av bilete med ukurrante mål, eller når de ser etter noko heilt spesielt. Vi skjærer også passepartoutar og glas.

Vi har eit stort utval av ferdigrammer i dei vanlegaste standardstorleikane, frå dei billegaste smårammene til meir påkosta handlaga fagrammer. Reiakvam Foto fører rammer og rammelist frå Troll Rammer, Lundeby & co og InterArt. I tillegg har vi rammer frå Elite Foto sin eigen kolleksjon. Vi er opptekne av å følgje dei siste trendane innan rammer, men vi vil også ha eit utval av meir nøytrale rammer som folk samlar på. Har vi ikkje inne det du er ute etter kan vi gjerne bestille det inn til deg.

Dersom du ønskjer at vi skal hjelpe deg med å finne den rette ramma til bilde ditt, er det best er om du tek med deg det du vil ha ramma inn til oss. Då ser vi lettare kva fargar og listprofilar som passar til akkurat ditt bilde. Eit bilde kan forandre seg mykje etter korleis ein rammar det inn og vi hjelper deg gjerne med å finne den perfekte ramma til det du vil henge på veggen din.

Til toppen av sida|Del dette innlegget på Facebook|Del dette innlegget på epost|Få nye innlegg på epost
K o n t a k t i n f o