Gravid

Reiakvam Foto gravidfotografering

.

.

.

.

Galleri – gravidfotograferingar

Fotograferingsprisar

Visningar

Produkt

Fleire gravidbilde finn du også på bloggsida vår!

.

.

.

.

.

.

Gravide kvinner er så vakre, og vi er glade for å sjå fleire og fleire av desse i vårt studio. I tillegg syns vi det er så hyggeleg å ta bilde av dei vordande foreldra saman. Stemninga mellom foreldra som ventar spent på den lille kan samanliknast med å  eit forelska brudepar, berre med mindre kjolar, stress og meir avslappa stemning.

Korleis vi gjer gravidfotograferinga er opp til deg. Mange ønskjer å ta bilde saman med far, medan andre ønskjer fokus på den veksande magen. Somme vil ta bilde ute, og andre syns studiobilde utan klede er vel så vakkert. Det eine utelukkar ikkje det andre, og mange vel å ta bilde både inne og ute, med og utan far og med og utan klede. Vi kjem gjerne med tips og råd dersom det er noko de lurer på.

Når det gjeld kor tid i graviditeten det er ideelt å gjennomføre ei slik fotografering, så er det opp til mor å finne det tidspunktet ho føler seg mest vel. Det ideelle er kanskje ein stad mellom 6-8 månader, sidan mor då ofte er i god form og magen er definert og vakker.

Har de andre spørsmål angåande gravidfotografering eller ønskjer å bestille time kan de gjerne ta kontakt, anten i kontaktskjemaet vårt eller på telefon 57 82 19 77. Våre fotograferingsprisar finn de i vår prisliste i menyen over.

Til toppen av sida|Del dette innlegget på Facebook|Del dette innlegget på epost|Få nye innlegg på epost
K o n t a k t i n f o