Jula kjem like brått kvart år, og trass i at vi ikkje heilt likar å vere dei som er først ute med å rope at julehandelen er i gong, minnar vi om at det tek litt meir tid å produsere bilde for hand enn det gjer å selje ei ferdiglaga gåve i butikken. Først skal vi ha ein time i studio, så skal de velje ut kva de vil bestille på ein visningstime, og sist men ikkje minst skal vi produsere julegåver som om vi var reine julenisseverkstaden! Det er like utruleg kvart år, men vi kjem alltid i mål med det vi skal i tide.

Nokon av dykk har kanskje fått med seg at vi har gjort ei stor investering her på Reiakvam Foto i haust. Vi har kjøpt oss ein flunkande ny fotoprinter som mellom anna kan lage dobbeltsidige kort i fotokvalitet. Denne har stått på ønskjelista vår i mange år, og vi er kjempeglade for å endeleg ha den i hus. I år har vi difor brukt tid på å plukke ut ein ny kolleksjon julekort eksklusivt til fagkundane våre, og vi håpar de er like begeistra for den som vi er! Vi har laga oss nokre prøvar, og er strålande fornøgde med kvaliteten. I presentasjonen under kan de sjå fleire døme på ulike design og utformingar. Sjølv om vi gjerne vil vise fram dei dobbeltsidige korta våre, produserer vi sjølvsagt framleis enkle fotokort i 15×15 cm med kvit bakside, eller 10×13 bilde som skal i mappe med passepartout. I november har vi 20% rabatt på julekort frå fotografbilde, så det kan vere lurt å ta kontakt med oss om de allerede har vore hos oss i år, men ikkje har bestilt julekort. Og har de enno ikkje vore på fotografering rådar vi dykk til å bestille time snarast.

– Dagrun

 

 

 

Til toppen av sida|Del dette innlegget på Facebook|Del dette innlegget på epost|Få nye innlegg på epost

Det er alltid kjekt når eg får besøk av familiar eg har fått følgje i årevis. Familien H. er ein av desse familiane, og det har blitt mange studiobesøk opp gjennom åra. Eg innrømmer gjerne at mor i familien er ei venninne av meg, og at vi absolutt er på bølgjelengde også når det kjem til kva type bilde vi likar. Det er kjekt å få eksperimentere med litt ulike bakgrunnsfargar for å skape nye bildeuttrykk.

For ikkje lenge sidan var det tid for Sølve sitt tredje studiobesøk. Nokon kjenner han kanskje att frå babypakke-annonsa mi? Frå før av har han vore på nyfødtfotografering, halvtårsfotografering og no eittårsfotografering med søsken. Det er ei bra merrittliste for ein eitt(og-litt-til)-åring! Sjølv om eg har ein del rekvisittar i studio, er det ekstra kjekt når folk tek med eigne ting som betyr noko for dei, slik som til dømes mor sin gamle gyngehest. Den slo definitivt an, og Sølve var blid som ei sol. Til slutt skulle også storesøstrene Synne og Eiril få vere med på bilda, og med litt list og lempe fekk vi fine bilde av alle tre. Pjuh!

Takk for besøket. Velkommen att (konfirmasjon neste?)
– Dagrun

 

Til toppen av sida|Del dette innlegget på Facebook|Del dette innlegget på epost|Få nye innlegg på epost

Forsommaren er ei herleg tid då ein kan vere håplaust naiv med tanke på korleis sommaren skal bli, med illusjonar om endelause, lyse og varme sommardagar (og netter). Sjeldan vert vel sommaren heilt slik vi ser føre oss, men når eg ser på brudebilda eg har tatt i juni, juli og august, så var det kanskje ikkje så verst likevel?

Ingebjørg og Per vart vigde på nydelege Villa Åmot ein av desse første sommardagane 3. juni 2017. Den blå himmelen og vassinga i krystallklart fjellvatn kan gje inntrykk av sydenstemning, men eg må vel innrømme at bilde kan lyge noko. Stemningen var uansett upåklageleg, og ansiktsuttrykka avslører ikkje at Djupedalsvatnet var toppen 10 gradar. Brudeparet trassa frosne tær og gav alt, og det løner seg. Vi sit att med så mange fine og varierte bilde at det vart vanskeleg for meg å velje ut kva eg skulle vise fram på bloggen (for det er sjølvsagt berre eit lite utval!). Portrettbilda i Djupedalen, avslappa forlovarbilde frå stranda, bilde med den gule & kule brudebilen, fantastiske brudebilde med Store- og Lisjehesten i bakgrunnen, gruppebildene på Villa Åmot… Vi la lista høgt med tanke på alt vi skulle få tid til, men vi rakk å bli ferdige få minutt før avtalt tid. Pjuh!

Takk for at eg fekk vere med å ta del i den store dagen dykkar
– Dagrun

 

Til toppen av sida|Del dette innlegget på Facebook|Del dette innlegget på epost|Få nye innlegg på epost
K o n t a k t i n f o