Arkivet

Reiakvam Foto har eit omfattande arkiv frå tilbake på 1930-talet. Dagfinn Reiakvam reiste mykje rundt i Sogn og Fjordane på fotooppdrag. Han etterlet seg eit variert arkiv med landskaps- og folkelivsmotiv, men også portrett og brudebilde. Desse bilda har i dag høg historisk verdi. I arkivet er også bilde av nyare dato. Desse er tekne av sønene Olav Reiakvam og Bjarne Reiakvam som tok over Reiakvam Foto etter far sin. Dei starta å fotografere rundt 1970.

Negativ frå mange tusen fotograferingar ligg oppbevart i vårt arkivrom.

Dei eldste negativa vi har i arkivet vårt er glasplater frå 1930-talet. Framover 1900-talet har vi ei stor samling negativ av både landskap, folkeliv, bryllaup, konfirmasjon og portrett. Fotografi av landskap og folkeliv er godt eigna til utsmykking av bygg eller som gåve. Reiakvam Foto kan levere bileta ferdig innramma og klare til å hengast på veggen. Vi har fleire permar med landskapsbilete du kan velje mellom. Kom gjerne innom oss og bla i permane våre!

Er du ifrå eller har du røter i Sunnfjord er det store sjansar for at slektningar av deg har vore til Fotograf Reiakvam ein eller fleire gongar. Mange av bilda som er av eldre dato har nok kanskje falma eller mista farge i løpet av mange år på veggen. Dagens bildeteknologi er meir haldbar, spesielt når det kjem til fargebilde. I negativa ligg all bildeinformasjonen intakt, og mange er svært overraska når dei ser korleis bilde deira eigentleg såg ut då det kom på veggen for 40 år sidan. Bilde frå arkivet kan framleis finnast fram og lagast nye kopiar av. Har du eit bilde teke hos oss som du ønskjer nye kopiar av kan du gjerne ta dette med deg til oss, så skal vi finne fram negativa frå vårt arkiv og lage fleire kopiar til deg.

Til toppen av sida|Del dette innlegget på Facebook|Del dette innlegget på epost|Få nye innlegg på epost
K o n t a k t i n f o